Hopp til innhold

Politiet vurderer å sikte kommunen etter at 71-åring døydde

Dødsfallet til Willy Henry Kleiven i desember i fjor kan få rettsleg etterspel for Kristiansund kommune. Politiet vurderer no å sikte kommunen etter at 71-åringen ikkje fekk hjelp.

Willy Henry Kleiven og barnebarna

Willy Henry Kleiven blei berre 71 år gamal, og for barnebarna Stine og Lise Kleiven er det eit stort tomrom etter bestefaren.

Foto: privat

Det uventa dødsfallet til Willy Henry Kleiven i Sunndal får følgjer for dei involverte. Nyleg slo Fylkeslegen fast at både operatøren og kommunen har brote helsepersonellova, fordi mannen ikkje fekk hjelp då han kjempa mot døden natt til 8. desember.

No vurderer politiet å vurdere om saka også skal få rettsleg etterspel. Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen seier til NRK at dei no vurderer det nokså uvanlege steget å sikte kommunen for brot på helsepersonellova.

Anders Skorpen-Trøen

Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen seier at dei truleg legg vekk saka mot operatøren som var involvert då Willy Henry Kleiven døydde før jul i fjor.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Då må politiet vurdere om kommunen har vore grovt aktlause, og då er det organiseringa vi må sjå nærare på, og om kommunen har gjort helsepersonellet og dei som skulle arbeide på alarmsentralen i stand til å yte forsvarleg teneste, seier Skorpen-Trøen.

Politiet har avhøyrt ei rekkje tilsette, som skal ha fortalt om manglande rutinar og lite opplæring på alarmsentralen.

I rapporten frå Fylkeslegen kjem det mellom anna fram at alarmsentralen hadde 30 år gamle prosedyrar for handtering av tryggleiksalarmar, og store manglar i organiseringa og opplæringa.

Døtrene og barnebarna til Willy Henry Kleiven

For familien er det godt å vite at Fylkeslegen har konkludert med at faren ikkje fekk den hjelpa han skulle ha, då han døydde for eitt år sidan. F.h. Ann Lene Kleiven, May Britt Kleiven Øksenvåg, Stine Kleiven, Guro Kleiven og Markus Henry Kleiven Øksenvåg. Bak: Lise Kleiven.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Legg truleg vekk saka mot operatøren

Operatøren som var involvert natt til 8. desember blir truleg ikkje sikta, opplyser politiet. Vedkomande oppfatta ikkje dei fire alarmane frå Willy Henry Kleiven som alvorlege, og varsla difor ingen.

I rapporten frå Fylkeslegen kjem det fram at operatøren sat åleine på jobb, var ufaglært, hadde lite erfaring og avgrensa opplæring.

Fylkeslegen har avslutta saka mot operatøren, og politiet vil truleg gjere det same.

– Dersom feilen skuldast at organiseringa av verksemda har gjort det vanskelegare å yte forsvarleg helsehjelp, er det rettare å vurdere straffansvar mot verksemda enn mot det enkelte helsepersonellet som er sett i den situasjonen, seier Skorpen-Trøen.

Uvanleg reaksjon

Tidlegare i år fekk Helse Møre og Romsdal ei bot på 500 000 kroner etter at Sebastian Gils Ødegaard døydde i Kristiansund. Også den gongen for manglande organisering og brot på helsepersonellova. No kan også Kristiansund kommune bli felt for det same.

Tore Lyngvær

Kommunikasjonssjef Tore Lyngvær i Kristiansund kommune er ikkje overraska over at politiet vurderer å sikte kommunen etter dødsfallet.

Foto: privat

Kommunikasjonssjef Tore Lyngvær seier at kommunen eventuelt vil bidra så godt som råd.

– Det er ei alvorleg sak med tap av menneskeliv, så vi er ikkje overraska over at politiet vurderer å sikte kommunen, seier Lyngvær.

Det er statsadvokaten i Møre og Romsdal som tek endeleg stilling til om Kristiansund kommune blir sikta.

Les også: