Fredag inviterte politimeisteren dei politiske partia og komme- og fylkesadministrasjonen til møte. Politimeisteren er ikkje i tvil om at netthets og trakasseringa har auka dei siste åra.
– Netthets og trakassering har hatt ei svært negativ utvikling. Mange som deltek i det offentlege ordskiftet kjenner seg utrygge, blir tause, kvir seg for å ytre seg, vegrar seg for å ta kontroversielle standpunkt og i siste instans trekkjer seg frå politisk arbeid, sa Bøen.
Under møtet hevda politimeister Ingar Bøen at netthetsen ikkje kjem som berre enkeltståande tilfelle.
– Det er lett å tenkje at det berre er enkelte politikarar som blir råka av dette. Men problemet er større enn som så. I ytste konsekvens er det lokaldemokratiet vårt som blir truga.
Bøen utvida også perspektivet. For netthetsen råkar ikkje berre demokratiet og politikarane sjølve.
– VI må også tenkje på familiane til dei som blir råka. Dei kjenner også ofte sterkt på dette.
– Har opplevd utidig kontakt
Statsforvaltar Else-May Norderhus i Møre og Romsdal er glad for at politiet inviterer til dialog om temaet. Ho er oppteken av at det skal liggje gode planar i botn for tryggleik og beredskap for dei som skal vere med aktivt inn i valkampen.
– Det er både for å diskutere dei ulike utfordringane som kan oppstå, og korleis ein kan melde frå når ein opplever hatefulle ytringar eller seksuell trakassering, seier ho.
Else May Norderhus, Statsforvaltar i Møre og Romsdal, er tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Ho har sjølv opplevd trakassering.
Foto: Trond Vestre / NRKNorderhus, som tidlegare har vore både fylkestings- og stortingspolitikar i Møre og Romsdal, har sjølv opplevd mange tilnærmingar ho karakteriserer som utidige i løpet av fartstida si som politikar.
Derfor er hennar viktigaste bodskapar til politikarane at alle parti har ein politikontakt dei kan rådføre seg med. Slik meiner ho dei lettare kan vurdere kva saker dei bør melde, og at politiet samtidig får informasjon dei kan samanfatte med andre opplysningar dei har.
I tillegg meiner ho det er viktig at politikarane støttar kvarandre.
– Eg har opplevd at fylkestinget fleire gonger har hatt utsegner og støtta meg når eg har stått i tøffe tak, og det tenkjer eg er viktig, dette samhaldet, at vi viser at slik vil vi ikkje ha det, og så må vi passe på at vi ikkje bidreg til det sjølv, seier ho.
Lågare terskel for å ta kontakt med politiet
Under møtet signaliserte fleire av representantane frå politiet at terskelen for å kontakte politiet når ein blir utsett for hets og trakassering bør bli lågare.
– Vi er her for dykk og vi vil spele på lag, sa Bøen.
Lappar i postkassa, SMS og truslar på telefon
Under møtet kom det fram at det er svært få politikarar i Møre og Romsdal som er utsett for direkte, fysiske angrep. Mykje av sjikanen går føre seg i sosiale medium. Og det er ikkje sjeldan med trugande telefonar, sms-ar, e-post og sterke meldingar i debattforum.
– Sjikane og trakassering rammar den nødvendige samfunnsdebatten, det rammar ytringsfridomen og demokratiet. Vi kan føre til at at fleire vegrar seg mot å delta i i det offentlege ordskiftet. I sum kan dette vere ei utrordring for demokratiet, sa Hams Martin Gridset i etterretningsseksjonen i Møre og Romsdal politidistrikt.
Hans Martin Gridseth i etterretningsseksjonen i Møre og Romsdal politidistrikt.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKUtvikling i feil retning
Politimester Ingar Bøen understreka på nytt at det er behov for at politiet faktisk følgjer med på det som skjer, og at folk må ta kontakt med politiet om dei blir utsette for hets.
– Utviklinga har gått i feil retning når det gjeld hatefulle ytringar. Og det er grunn til å rekne med at det blir meir av dette, sa Bøen.