Det er minst to personar som deltok i innbrotet ved halv fire tida i natt og politiet vil gjerne ha tips frå publikum, seier lensmann Ove Finnes.
Tjuvane knuste ei rute i ei dør og braut opp ein myntautomat.
Innbrotet vart oppdaga av eit avisbod som melde frå til politiet.
Det er uklart kor mykje pengar som er borte.