Hopp til innhold

Politiet undersøker dødsfall

Politi og tilsynsmyndigheit undersøker ei alvorleg hendig som førte til at ein bebuar ved Sunndal helsetun døydde. Det skriv Driva. Avisa har vore i kontakt med familien til personen som døydde.

– Det er tatt forskjellige prøver, men det er foreløpig ikkje kome nokon endeleg konklusjon når det gjeld dødsårsak. Det er derimot på det reine at han hadde fått i seg store mengder snus, og dette kan ha forgifta han så mykje at han døde, seier sonen til den avdøde, Ivar Romundstad til Driva.