Hopp til innhold

Politiet trur brann i bunkeranlegg er påsett

Brannen i bunkeranlegget i byparken i Ålesund er truleg påsett. – Spor frå staden tyder på det, seier operasjonsleiar Tor-Andre Gram Franck. To unge gutar er i morgontimane tatt inn til avhøyr.

Tor-Andre Gram Franck

To unge gutar er brakt inn til avhøyr i samband med brannen, fortel operasjonsleiar Tor-Andre Gram Franck.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Då brannen blei meldt natt til onsdag, rykte både brannvesenet, helsepersonell, politiet og folk frå e-verket ut.

Brann i bunkers i Byparken

Brannvesenet jobba i Byparken i Ålesund natt til onsdag.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Brannen blei raskt sløkt, men ettersløkking og kontroll heldt fram. Politiet sikra seg også raskt spor som gjer at dei trur brannen er påtent.

– Vi har mellom anna fotspor som gjer at vi kan finne fram til dei som har gjort dette, sa operasjonsleiar Tor-Andre Gram Franck tidleg onsdag morgon.

I 07-tida melder politiet at dei har tatt to unge gutar inn til avhøyr i samband med saka. Spora på staden, og anna etterforsking, skal ha ført fram til dei to.

Spora på staden tyder på at nokon har sleppt brennbart materiale ned i nokre luftekanalar på utsida, og at det så har ført til brannen i bunkeranlegget. Det er eit område som i utgangspunktet står tomt, og der det ikkje ferdas folk.

– Det er ingen som skal vere der, og anlegget er avlåst, så fotspora ved luftekanalane gjer at vi trur det er tilført brennbart materiale den vegen.

Det er førebels uvisst kor store brannskadane i bunkeranlegget er. Det blir undersøkt nærare når brannstaden blir kaldare. Då kan også politiet sikre seg fleire spor.

Like før klokka 11.30 opplyser politiet at dei to mindreårige gutane er ferdige i avhøyr, og at dei er mistenkte for brannstifting. Jourhavande jurist, Guri Kristensen, ønskjer ikkje å gå i detalj på kva dei har forklart, men seier at politiet har god kontroll på kva som har skjedd inne i bunkeren.