NRK Meny

Politiet tek sjølvkritikk

Politiet tek sjølvkritikk på at bilistar som venta i opptil 4-6 timar i kø under dødsulykkene tidlegare i februar, mellom anna ved Eiksundsambandet, ikkje fekk god nok oppfølging. Lensmann Guttorm Hagen seier dei må ta lærdom av dette. Rapportane etter dødsulykkene 12.februar på Eiksundbrua og på Sulesund er enno ikkje ferdige, opplyser politiet til NRK.

Guttorm Hagen
Foto: Arne Flatin / NRK