Hopp til innhold

Politiet skiftar sentralbord

Frå klokka 16.00 og i inntil ein time vil sentralbordet til politiet på Sunnmøre med telefon 70 11 87 00 og 02800 vere utkopla. Naudnummer 112 verkar som normalt på Sunnmøre. Nytt sentralbord skal settast inn og politiet varslar at naudnummer 112 ikkje er omfatta av sentralbordskiftet. Utkoplinga gjeld kun for dei som skal nå internnummer og tilsette i politiet på Sunnmøre etter klokka 16.00.