NRK Meny
Normal

Politiet skal få ned responstida

Politiet får ikkje lenger bruke så lang tid dei vil på utrykkingar. Sunnmøre politidistrikt har tru på at dei for det meste skal klare å vere innanfor reglane.

Stabsjef i politiet, Ingmar Farstad

Politiinspektør Ingmar Farstad ved Sunnmøre politidistrikt er positiv til dei nye krava.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Politidirektoratet har innført nye krav om responstid frå årsskiftet. Det betyr mellom anna at politiet i Ålesund skal vere på plass innan 10 minutt ved ulykker og alvorlege hendingar i 50 prosent av tilfella og innan 15 minutt i 80 prosent av tilfella. På tettstader på mellom 2000 og 19.999 innbyggarar er kravet høvesvis 15 og 30 minutt. I andre område er kravet 22 minutt og 45 minutt i 80 prosent av tilfella.

– Noko å strekke seg etter

Politiinspektør ved Sunnmøre politidistrikt, Ingmar Farstad, er glad for dei nye krava.

– Vi har lenge etterlyst ein måte å måle effektiviteten vår på sjølv. No har vi noko å strekke oss etter, og det skal vi gjere.

Dei nye krava har kome etter prøvemålingar av responstid i 2014. Dei viser at Sunnmøre politidistrikt er nokolunde innanfor krava, meiner Farstad.

Politiinspektør Ingmar Farstad og politimester Ingar Bøen

Politiinspektør Ingmar Farstad og politimester Ingar Bøen.

Foto: Maren Fuglseth Heggdal / NRK

Store avstandar

Møre og Romsdal har store avstandar og mange ferjestrekningar. Mellom anna difor er utfordringa størst på dei mest grisgrendte stadene.

– Vi må jobbe internt for å finne gode løysingar på korleis vi skal kome fram tidsnok, seier Farstad.

Poltiinspektøren vedgår at det ikkje er realistisk å klare å rykke ut innanfor 45 minutt til dei ytterste områda i distrikta.

– Vi håper at vi skal halde krava i 80 prosent av utrykningane våre. det meiner vi at vi skal få til, seier politiinspektør Ingmar Farstad.

Sunnmøre politidistrikt har hatt eit krevjande år. Politimeister Ingar Bøen la fram statistikken for 2014 i dag, og der kom det fram at det har vorte meir valdskriminalitet i distriktet i året som gjekk.