Hopp til innhold

Politiet ser samanheng mellom brannar i Molde

Politiet held fram den taktiske og tekniske etterforskinga etter brannen i Årølia i Molde tidlegare denne veka.

Brann i Årølia i Molde

Natt til måndag byrja det å brenne i ein bustad i Årølia i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ein mindreårig bebuar og tre tilsette berga seg ut av bustaden i Årølia då det byrja å brenne i 03.15-tida natt til i måndag.

Politiet set brannen i samanheng med brannen på Hjelset for eit par månader sidan der den same bebuaren var involvert.

Då vedgjekk ein mindreårig bebuar å ha tent på huset.

Stort skadepotensial

Den mistenkte skal vere under tilsyn av den private barnevernstenesta Aleris Region Nordvest.

Brann Molde

Bustaden fekk store skadar i brannen natt til måndag.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Vi konsentrerer etterforskinga om å finne omstenda før brannen. Vi ser denne brannen i samanheng med brannen på Hjelset ettersom det er den same mistenkte i begge sakene, seier Kjell Moen, etterforskingsleiar ved politiet i Molde.

I tillegg vurderar politiet konsekvensane brannen kunne ha fått.

– Vi ser også på skadepotensial i desse brannane og faren for personane som var på staden då brannen starta, seier Moen.

Brannen på Hjelset er framleis under etterforsking og Moen vil difor ikkje seie noko om resultatet frå dei kriminaltekniske undersøkingane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL