Hopp til innhold

Politiet satsar på førebygging

Politiet på Søre Sunnmøre satsar ekstra på førebygging og har difor oppretta ei eiga stilling som skal jobbe med akkurat denne problematikken.

Politiet på Søre Sunnmøre prioriterer førebygging sterkare enn nokon gong, og har nyleg øyremerkt ei stilling til dette arbeidet. Sjølv om det blir satsa mykje på barn og ungdom, står også samarbeidet med næringslivet høgt på lista.

SJÅ TV-SAKA: Politiet på Søre Sunnmøre satsar på førebygging.

Politiet holder foredrag om førebygging

Pål Inge Olsen held eit føredrag til næringslivsleiarar på Hareid.

Foto: Arne flatin / nrk

Politiet på Søre Sunnmøre prioriterer førebygging sterkare enn nokon gong, og har nyleg øyremerkt ei stilling til dette arbeidet.

Sjølv om det blir satsa mykje på barn og ungdom, står også samarbeidet med næringslivet høgt på lista.

Fredag møttest politi og næringsliv kvarandre i Hareid for å utveksle tankar rundt førebygging. Pål Inge Olsen, overbetjent i politiet, er mannen som har fått ansvaret for å koordinerer alt det førebyggande arbeidet på Søre Sunnmøre. Fredag møtte han næringslivsleiarar på Hareid.

Førebygging i næringslivet

På eit frukostmøte med Hareid næringsforum heldt Olsen i dag eit føredrag for dei frammøtte. Den erfarne politimannen har berre ein månad bak seg i den nye stillinga si, og har meir enn nok å gripe tak i.

Rakel Dyrhaug

Rakel Dyrhaug meiner det er viktig med eit godt samarbeid mellom politiet og næringslivet.

Foto: arne flatin / nrk

Førebygging skjer på mange plan i samfunnet også mot næringslivet. Rakel Dyrhaug, dagleg leiar i Hareid næringsforum meiner det er viktig å sette fokus på førebygging.

– Vi har mange tilsette, held på med rekruttering og er avhengig av at omgivnadane fungere også lokalt. Gjennom å sette fokus på temaet og utvikle eit samarbeid med politiet så håpar vi å kunne bidra positivt, seier Dyrhaug.

Pål Inge Olsen veit at det er viktig å fortelje næringslivsleiarane korleis dei kan jobbe med førebygging. Han synest det er viktig at det førebyggande arbeidet vert prioritert også i næringslivet.

– Næringslivet er på lik linje med andre ein av politiet sine samarbeidspartnarar og vi ser på det som viktig å få lov til å møte dei i eit slikt forum som dette, seier han.

Ønskjer eit tett samarbeid

Politioverbetjenten trur eit større samarbeid med næringslivet kan minke avstanden mellom dei to.

– Det skal vere ufarleg for dei å ta kontakt med oss i politiet, og vi ynskjer eit så tett samarbeid og relasjonar til næringa som mogleg, seier Olsen.

– På kva måte er det nyttig både for næringslivet og politiet?

Vi kan utveksle erfaringar og informasjon. Også Kripos har ein eigen næringslivsrådgivar. Å få utveksla den informasjonen på ulike nivå er viktig, seier han.