Hopp til innhold

Ein person sikta for å spreie falske nyhende om trusselsituasjon

Politiet rykte ut til alle dei vidaregåande skulane i Ålesund etter ei trusselmelding. No er ein ung person sikta for å ha fabrikkert falske nyheiter i etterkant av hendinga.

Politiaksjon ved Ålesund videregående skole i Ålesund

POLITIAKSJON: Eit snapchatbilete utløyste tysdag ein stor politiaksjon ved ei rekke vidaregåande skular i Ålesund. Biletet blei oppfatta som ei trusselmelding.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det var tysdag formiddag at ein rektor ved ein av vidaregåande skulane i Ålesund varsla politiet. Ein av elevane ved skulen hadde fått ei snapchatmelding som kunne oppfattast som ein trussel.

Politiadvokat, Jan Roar Gidske, Møre og Romsdal politidistrikt.

Jan Roar Gidske i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: MØRE OG ROMSDAL POLITIDISTRIKT

Politiet rykte ut til alle vidaregåande skulane i Ålesund med væpna og uniformerte politipatruljar. Etter dette starta det å sirkulere falske nyheitsartiklar om at fleire personar var skotne. No er ein person sikta for å fabrikkere falske nyheiter.

Ein ung person busett på Sunnmøre er siktet etter straffelova § 187, andre ledd for å ha fabrikkert og distribuert falske nyheiter om trusselsaka, seier påtaleansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt Jan Roar Gidske ei pressemelding tysdag ettermiddag. Personen er altså ikkje sikta for å ha noko med trusselen å gjere.

Innrømmer forholdet

Politiet seier vidare at dei ser alvorleg på slike falske nyheiter fordi dei bidreg til å skape frykt og til å eskalere usikkerheita rundt trusselsituasjonen.

Politiet har gjennomført avhøyr av sikta, som har erkjent forholdet. Det er vidare tatt beslag i gjenstandar som er brukt til produksjon og distribusjon av den falske nyheitsartikkelen.

Politi Fagerlia

Politiet aksjonerte ved alle dei vidaregåande skulane i Ålesund tysdag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Bilete av våpen og ryggsekk

Tysdag føremiddag kunne ein elev ved Spjelkavik vidaregåande skule fortelje NRK at eit bilde hadde sirkulert i sosiale medium. På bildet kan ein sjå eit slags våpen og ein ryggsekk, med teksten: «Ålesund. Ikkje kom til skulen i morgon».

Tenåringen seier at ho ikkje veit kven som har sendt bilde, men at det har blitt spreidd til mange.

– Eg føler meg trygg, men mange er skeptiske. Det er mykje styr ved skulen i dag og mange som er redde for at det skal skje noko. Vi har fått beskjed av lærarane om å halde oss på skulen og at politiet tek hand om det, sa eleven til NRK.

Trur ikkje trusselen var reell

Yngve Skovly

Politiinspektør Yngve Skovly seier at alt tyder på at trusselmeldinga stammar frå ein annan kant av landet og at den har blitt modifisert til å gjelde Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet reiste ut til alle dei vidaregåande skulane med væpna og uniformerte politipatruljar. Dei meinte likevel at dei hadde så god oversikt over situasjonen at det aldri blei aktuelt å evakuere elevar og tilsette.

Tysdag ettermiddag opplyser politiet at det var eit bilde på Snapchat som utløyste aksjonen, men at dei ikkje trur at trusselen som vart delt er reell.

– Vi nærmar oss no ei løysing og vi har vore i kontakt med fleire andre politidistrikt og fått bistand til avhøyr, seier politiinspektør Yngve Skovly.

Politiet meiner at alt tyder på at Snapchatbilde blei produsert og distribuert i ein annan kant av landet og blei endra til å gjelde Ålesund av ein lokal ungdom.

Politi ved Fagerlia videregåande skole etter trsular i sosiale medier.

Politiet var på plass ved fleire vidaregåande skular i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Etterforskar saka vidare

Dei etterforskar framleis saka, men seier at dei no er tilbake i ein normalsituasjon.

– Alle kan dra på skulen som vanleg onsdag. Det vi må vere merksame på er at det kan vere ein del redde elevar etter det dei har sett med væpna politi og uniformerte styrkar, seier stabssjef Janne E. Garnes Nilsen. Ho seier det er viktig å snakke med ungdomane

Politiet kjem framleis til å vere synleg til stades ved vidaregåande skular i Ålesund kommune for å trygge elevar, føresette og tilsette, men ikkje i like stor skala.

Mykje rykte og usanningar

Rektor Ole Reinlund ved Ålesund vidaregåande skole seier at trusselen har påverka læringsmiljøet til elevane. Utgangspunktet for trusselen var eit bilete med tekst på som blei delt i sosiale medium.

Politiaksjon ved Ålesund videregående skole

Politiet var på plass ved Ålesund vidaregåande skole tysdag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– På ein, to, tre har alle elevane sett dette biletet. Og plutseleg trur alle at dei veit eit eller anna, seier Reinlund.

Han seier det har vore mykje rykte og spreiing av usanningar og at det har blitt eit utrygt skulemiljø på bakgrunn av dette.

Politiet ber om hjelp frå publikum til å stoppe delinga av bildet i sosiale medium.

– Vi oppfordrar dei som får bildet om å ikkje dele det vidare, og alle foreldre til å snakke med sine barn og ungdomar om dette.

Ole Reinlund

Rektor Ole Reinlund ved Ålesund vidaregåande skole seier at trusselsituasjonen har påverka elevane.

Foto: Remi Sagen / NRK