Politiet ønskjer framleis fleire tips

Sunnmøre politidistrikt ønskjer framleis fleire tips etter at ei eldre kvinne på Sula skal ha blitt utsett for vald og seksuelt overgrep i midten av juli.

Dør til hus med politiforsegling

TIPS. Politiet ønskjer framleis fleire tips etter at ei eldre kvinne vart utsett for vald og overgrep i Sula.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Overgrepet mot kvinna skal ha skjedd mellom onsdag 15. juli og torsdag 16. juli i kvinna sin bustad på Sula.

Etterforskinga av saka går føre seg for fullt og politiet etterforskar vidt. Kripos har også hjelpt til med etterforskinga.

– Vi har fått nokre tips som vi har undersøkt, men vi ønskjer framleis at dei som veit noko, eller kan ha sett noko tek kontakt med oss, seier politiinspektør i Sunnmøre politidistrikt, Elin Drønnen.

Ukjent gjerningsmann

Kvinna har så langt ikkje vore i stand til å beskrive gjerningsmannen, og politiet står difor overfor ein ukjent gjerningsperson.

Politiet er spesielt interessert i observasjonar og aktivitet i Sula-området. Overgrepet skjedde same kveld som skutefestivalen The Tall Ships’ Races i Ålesund.

Tips kan meldast inn på 02800.