Hopp til innhold

Politiet meiner det var eit uhell

Politiet meiner mannen som drukna ved Måndalen søndag fall i sjøen ved eit uhell.

Leteaksjon i Måndalen i Rauma

Politiet meiner mannen har falle på sjøen, og ikkje greidd å kome seg opp att i båten.

Foto: Ottar Rydjord

57-åringen Tor Helge Ferger frå Rauma vart funnen omkommen i Vollabukta i Romsdalsfjorden søndag.

Politibetjent Kenneth Dahle ved Rauma lensmannskontor seier til NRK at mannen var åleine i båten.

– Alt tyder på at han har falle på sjøen, og ikkje greidd å kome seg opp att i båten, seier Dahle.

Sea King helikopter i søk i Måndalen i Rauma

Det var mannskapet på Sea King-helikopteret som fann mannen i sjøen.

Foto: Ottar Rydjord

– Skal den omkomne obduserast?
– Nei, det er ikkje noko ønske frå vår side. Det er ikkje mistanke om noko straffbart, seier politibetjent Kenneth Dahle til NRK.

Ifølgje politiet var det ingen vitne til det som skjedde.

Den omkomne vart funnen i sjøen etter ein stor leiteaksjon.

Mannen vart frakta til St. Olavs Hospital, men politiet melde på kvelden at han var omkomen.