Hopp til innhold

Politiet legg vekk trusselsaka

Politiet legg vekk saka om telefontruslar mot Else-May Botten. Ingen blir straffa. Det skriv Tidens Krav.

Else-May Botten

Ingen blir straffa etter at stortingspolitikar Else-May Botten melde ein kristiansundsmann til politiet for truslar.

Foto: Bjørn Ivar Voll

I desember, då sjukehusstriden i Møre og Romsdal var så sitt mest oppheita, melde stortingsrepresentant Else-May Botten (Ap) ein kristiansundsmann til politiet. Ho opplevde telefonsamtalen med mannen som så ubehageleg at ho melde han for truslar.

No legg politiet vekk saka.

– Det er knytt tvil til at det som kunne oppfattast som truslar, er råka av straffelova, seier påtalesjef Ove Brudevoll i Nordmøre og Romsdal politidistrikt til Tidens Krav.

Sterke kjensler i sjukehusstriden

Også andre politikarar skal ha fått hard medfart, etter at dei engasjerte seg i sjukehusstriden. Ordførar Torgeir Dahl (H) i Molde sa også at han blei drapstrua i samband med tomtevalet.

Han seier vidare til avisa at ordbruken kristiansundaren hadde, fell klart utanfor det som er akseptabelt i ein politisk debatt.

– Men det blir ikkje nødvendig råka av straffelova, seier han.

Tatt eit halvt år å få sett sluttstrek

Den mistenkte kristiansundaren blei tatt inn til avhøyr same dagen som han snakka med Botten, for at politiet skulle få forsikre seg om at truslane ikkje var reelle. Brudevoll seier dette også er årsaka til at det har tatt såpass lang tid å få ei avklaring i saka.

Kristiansundaren som var mistenkt i saka, vil verken få bot eller andre reaksjonar, skriv Tidens Krav.