Hopp til innhold

Politiet legg vekk grunnstøyting

Politiet har ingen grunn til å tru at det skal ha skjedd noko kriminelt då den utanlandske båten Arctic Star gjekk på grunn ved Lepsøyrevet i Haram natt til måndag. Etterforskingsleiar Oscar Lilleås fortel at det ikkje er mistanke om promille, og at det truleg var ein navigasjonsfeil. Politiet har dermed lagt vekk saka. Sjøfartsdirektoratet har vore om bord i båten og gjennomført ein havnestatskontroll. Der har dei gitt pålegg om at skipets flaggstat må dokumentere at skipet er sjødyktig før det forlèt kai etter eventuelle reparasjonar.

Båt på grunn
Foto: Redningsselskapet

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL