NRK Meny
Normal

Politiet i Møre og Romsdal oppbemannar med 60 stillingar

Politiet i Møre og Romsdal får ein kraftig bemanningsvekst i løpet av få månader. 60 nye tilsette skal på plass om kort tid.

Politimester Ingar Bøen Ålesund

Politimeister Ingar Bøen opplyser at det riktige talet på nye tilsette er 60! I tillegg til dei 30 nye stillingane skal det dekkast inn eit etterslep på eit tilsvarande tal tilsette.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det er ei omfattande oppbemanning som blir politiet i Møre og Romsdal til del i løpet av kort tid. Det er nemleg ikkje berre snakk om dei 30 nye stillingane som Møre og Romsdal skal få. I tillegg skal eit etterslep på 30 stillingar dekkast inn. Og det heile skal skje i løpet av 2017.

– Vi skal auke bemanninga i Møre og Romsdal med 60 stillingar i 2017. Dette er tretti nye årsverk. I tillegg kjem tretti stillingar der vi har ligge etter til no, og som vi no har fått hjelp til å tilsetje folk i, seier politimeister Ingar Bøen til NRK.

– POD godtok argumenta

Bøen seier at Møre og Romsdal har fått aksept i Politidirektoratet for påstanden om at Møre og Romsdal ligg etter andre politidistrikt når det gjeld bemanning. Han seier at den lokale politileiinga har arbeidd hardt inn mot POD og har lagt fram tal som viser at Møre og Romsdal politidistrikt har vore underbemanna.

– POD har kjøpt argumenta vi har lagt fram. I tillegg har dei politiske miljøa i Møre og Romsdal engasjert seg. Politikarar frå alle delane av fylket har arbeidd godt gjennom sine kanalar for å skape forståing for at politiet i Møre og Romsdal har hatt behov for auka ressursar, seier Bøen.

– Det desidert dårlegast bemanna distriktet

Ifølgje Bøen har Møre og Romsdal politidistrikt vore det desidert dårlegast bemanna politidistriktet i Noreg i forhold til talet på innbyggjarar.

I tillegg har vi eit distrikt som er vanskeleg å betene. Det er fjordar og fjell og det er vanskeleg å oppretthalde beredskapen. Det er stor forskjell på Møre og Romsdal og Østfold, Vestfold og Buskerud, seier Bøen.

Også politireforma ser ut til å slå positivt ut for Møre og Romsdal i denne omgang.

Vi treng tilførsel av stillinga om vi skal gjennomføre den reforma som er på gang i politiet. Møre og Romsdal har dei siste åra vore eit populært distrikt å søkje seg til for nyutdanna politifolk. Det er også mykje utdanna politifolk som ikkje er i politiarbeid og som går og ventar på å få seg arbeid som er i samsvar med utdanninga.