Hopp til innhold

Politiet slår alarm om aggressiv ungdom

Då politiet rykte ut til ein stor fest i Ålesund, skal dei ha blitt angripne av rusa ungdomar. Politiet meiner dette er ein ny trend og ber foreldre komme på banen.

Ålesund politistasjon

Politiet har oppretta straffesak etter dei blei angripne av rusa ungdommar.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Friluftsområdet Volsdalsberga i Ålesund er ein plass der ungdom ofte festar på sommartid. I helga var rundt 100 samla og politiet rykte ut etter klage om bråk. Då dei kom dit var stemninga aggressiv med slåsting.

– Rusa ungdom angreip politiet og prøvde å dra tenestemennene bort frå situasjonen, seier politistasjonssjef Oddbjørn Solheim i Møre og Romsdal politidistrikt.

Då dei køyrde frå staden skal ungdomane ha kome løpande i flokk og sparka i politibilane.

Oddbjørn Solheim

Politistasjonssjef Oddbjørn Solheim ber foreldre ta ein alvorsprat med barna sine.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ser ein trend

Solheim meiner dette ikkje er eit enkelttilfelle, men har sett ein trend over tid der ungdom utfordrar grensene og er uvanleg aggressive.

Tal frå Politiforum viser at det har vore ei tredobling av politimeldingar som handlar om vald mot politifolk sidan 2004. I ei spørjeundersøking blant medlemar i Politiets Fellesforbund svarte nesten to av tre at dei har blitt usett for vald i jobben.

– Vi har dessverre hatt ein del tilfelle som i Ålesund. Utviklinga er både skremmande og total uakseptabel, seier Sigve Bolstad, leiar i Politiets Fellesforbund.

Han trur problemet er ein del av samfunnsutviklinga og at det ikkje berre er politiet som opplever at ungdommen manglar respekt. Han ynskjer meir ressursar for at politiet skal vere endå meir synleg i lokalsamfunnet.

Sigve Bolstad, Politiets fellesforbund

Sigve Bolstad er leiar i Politiets Fellesforbund. Han ynskjer meir synleg politi som kan drive førebyggande arbeid.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Treng hjelp frå foreldre

I Ålesund meiner politistasjonssjefen at foreldra må ta ein alvorsprat med barna sine. På festen i Ålesund deltok barn heilt ned i 14-årsalderen.

– Vi treng hjelp frå foreldre no. Foreldre må vite at ungdom i flokk kan skape ein suggesjon, som ikkje er ynskjeleg, seier Solheim.

Vald mot offentleg tenestemann er straffbart og kan gi fengsel. Solheim trur ikkje dei unge er klar over at ei slik hending kjem på rullebladet deira og kan øydelegge for framtida. Å hamne i politiet sitt register kan få fylgjer både for karrieren og utanlandsreiser.

Ingen blei skadd

Solheim vil ikkje kommentere kor mange politi som blei sendt ut til Volsdalsberga denne natta. Ingen av dei blei skadde i angrepa frå ungdomane. Saka blir no etterforska og det er oppretta straffesak for valdskrenking.

– Er du overraska over det som skjedde?

– Ja, eg er litt overraska. Generelt sett har vi ein fantastisk ungdom. Men vi ser at dei som utfordrar grensene, er meir grenselause enn dei kanskje var tidlegare, seier Solheim.

Restar og søppel etter fest på Volsdalsberga i Ålesund natt til søndag 22.01.21

Slik såg det ut på Volsdalsberga dagen etter festen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL