Hopp til innhold

Trappar opp vakthaldet rundt eldre og sjuke i Sula

Ein politipatrulje har i heile natt køyrd rundt i området der ei eldre kvinne natta før blei forsøkt valdteken. No trappar også kommunen opp vakthaldet rundt dei eldre.

Mulig voldtektsforsøk i Sula ved Vågstunet omsorgshjem

Politiet kjem til å vere synlege i området.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Den nye overfallssaka i Sula har gjort folk i området urolege, og ein politipatrulje har i heile natt køyrde rundt i området.

- Vi har ikkje stått vakt, men køyrt patrulje i området med jamne mellomrom, seier operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt.

Geir Ove Vegsund

Ordførar Geir Ove Vegsund seier dei no vil passe betre på eldre og sjuke i Sula.

Foto: Terje Reite / NRK

Også kommunen set no inn ekstra ressursar for å passe på eldre, sjuke menneske i Sula.

- I ein periode framover vil no heimesjukepleia vere ekstra påpasselege og vere meir til stades og føre tilsyn med brukarane i området, seier ordførar Geir Ove Vegsund.

Les også:

– Kjenner seg utrygg

Kvinna i Sula har fått Mette Ekroll Nyland som bistandsadvokat. Nyland seier at kvinna er alvorleg skremd og kjenner seg utrygg.

No håper kvinna at politiet får inn tips frå publikum som kan føre fram til ei snarleg oppklaring. Det er naudsynt for at ho sjølv og andre skal kjenne seg trygge i heimen igjen, skriv bistandsadvokat Mette Ekroll Nyland i ein epost til Sunnmørsposten.

Vil at folk skal kjenne seg trygge

Det var søndag det blei kjent at ei eldre kvinne er forsøkt valdteken i ein eldrebustad i Sula. Det skjedde berre ein månad etter at ei eldre kvinne blei valdteken ikkje langt unna. Søndag kveld gjekk politiet ut og ba folk om å lukke vindu og låse dører.

Patuljeringa skjer sjølvsagt delvis for at folk skal vere trygge. Men vi ønskjer også å følgje med i området, for å sjå om vi kan sjå nokon, seier Reite. Han meiner det er viktig at folk er merksame på at politiet er til stades.

Mange urolege pårørande

Kommunen sende søndag ut 1700 tekstmeldingar til 1000 innbyggjarar i Sula for å be om tips. Søndag kveld var leiinga i kommunen samla for å drøfte situasjonen. Ordføraren legg ikkje skjul på at dei er i kontakt med mange urolege pårørande.

Vi merkar at mange stiller spørsmål, det er heilt forståeleg. Dette skaper uro, seier Vegund.

Kripos er kopla inn i saka.