Hopp til innhold

Knivstikking: Politiet har tatt gjerningsmannen

Ein mann er skadd etter knivstikking i ei leilegheit i Ålesund sentrum.

Politi

Mange patruljar var ute ute då politiet leitte etter gjerningsmannen på fleire adresser i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE: Politiet melder like før kl. 14 at dei har tatt gjerningsmannen.

Den skadde mannen i trettiåra er sendt til sjukehus for behandling. Politiet søkte etter gjerningsmannen på fleire adresser i sunnmørsbyen. Han er på om lag same alder som den skadde.

Leif Arne Mork, lensmann Ulstein og Hareid

Operasjonsleiar Leif Arne Mork ved Møre og Romsdal politidistrikt seier at folk på gata ikkje treng vere redde.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kjente personar for politiet

– Både gjerningsmannen og den knivstukne tilhøyrer eit miljø som er kjent for oss i politiet, seier operasjonsleiar Leif Arne Mork i Møre og Romsdal politidistrikt.

Situasjonen for den skadde er stabil. Han er under behandling på Ålesund sjukehus.

Har fleire vitne i saka

– Er det andre enn dei to innblanda i episoden?

– Det var andre folk i leilegheita. Men dei var ikkje direkte innblanda. Politiet har dermed fleire vitne i saka.

Den knivstukne mannen var ifølgje operasjonsleiaren vaken og greidde å gjere greie for seg då han vart frakta til Ålesund sjukehus litt før klokka 11 laurdag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL