Hopp til innhold

Politiet hadde kontroll i 10 timar

Meir enn 5500 bilar vart kontrollerte i dag då politiet gjennomførte to storkontrollar i Ørsta og i Gjemnes. Berre to vart tatt for ruskøyring, medan åtte fekk bot for sota vindauge.

Stor politikontroll i Ørsta

Politiet, vegvesenet og tollvesenet stoppa trafikk i begge køyreretningar på Hagen i Ørsta

Foto: Arne Flatin / NRK

Torsdag har politiet, vegvesenet og Tolletaten hatt to omfattande kontrollar. Alle bilistar mellom Ørsta sentrum og Festøya vart kontrollerte. Det same vart bilistar på E39 på Bergsøya i Gjemnes.

Bilførane måtte fylle lungene og blåse i alkometeret. Ikkje alle fekk det til på første forsøk.

– Eg synest det er bra med slike kontrollar. Det trengst at politiet gjer slike kontrollar, seier ein av yrkessjåførane som vart stoppa.

Stor trafikkkontroll i Ørsta

Rundt 60 polititilsette vart involverte i dei to trafikkontrollane.

Foto: Arne Flatin / NRK

Bot for sota vindauge

Berre to personar fekk utslag på ruskontrollen, ein i Ørsta og ein på Gjemnes. I Ørsta vart 19 bøtelagt fordi dei ikkje hadde med seg førarkort, medan 22 bilar vart avskilta på grunna av manglande EU-godkjenning, forsikring eller årsavgift. Åtte fekk forenkla førelegg for sota vindauge. I Gjemnes vart ni bilar avskilta, medan 10 bilførar drog heim med mangellappar.

Trafikkoordinator for politiet på Sunnmøre, Steven Blindheim, seier slike kontrollar har ein preventiv verknad.

– Det at vi har ein felleskontroll med politiet, Statens vegvesen, utrykkingspolitiet og tollvesenet gjer at vi dreg kompetanse og nytte av kvarandre. Folk kan sjå at vi klarer gjennomføre slike kontrollar, seier Blindheim.

Steven Blindheim

Trafikkoordinator for politiet på Sunnmøre, Steven Blindheim, er nøgd med kontrollen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Godt nøgd med kontrollen

Blindheim er godt nøgd med at berre ein bilførar i Ørsta var mistenkt for køyring i rusa tilstand. Han var derimot ikkje like nøgd med dei mange avskiltingane.

Politispesialist Kjellbjørn Riise Johansen som koordinerte politiets del av kontrollen på Bergsøya, er også nøgd.

– Kontrollen gav eit utelukkande positivt resultat, seier Johansen.

Ansvarleg for vegvesenet under kontrollen i Ørsta, Sverre Bigseth seier det er viktig å samle alle etatane til slike storkontrollar.

– Her har vi alle etatar på plass og kan jobbe mykje breiare. Det vert meir effektivt, seier Bigseth.