Hopp til innhold

Politiet fryktar organisert kriminalitet

Politiet ønskjer tips etter at nokon har brote seg inn i bilar i Ålesund og stole verdifullt navigasjonsutstyr. Operasjonsleiar Ole Bjørn Harang fryktar det er snakk om organisert kriminalitet.

Ole Bjørn Harang
Foto: Remi Sagen / NRK

Søndag klokka 12.32 fekk politiet melding om innbrot frå fem bilar i Fremmerholen i Ålesund. Bilane stod i eit innegjerda område utanfor ein bilforhandlar og det var ein av dei tilsette som oppdaga det.

Organisert kriminalitet

Politiet opplyser at det har vore stole navigasjonsutstyr frå alle bilane og at det verkar som om den eller dei som har brote seg inn har visst kva dei var ute etter.

– Vi er redd vi har med organiserte kriminelle å gjere, seier operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Ole Bjørn Harang til NRK.

Han åtvarer folk og ber både dei som driv med sal og reparasjonar av bilar om å vere ekstra oppmerksame.

– Folk bør følgje ekstra nøye med og dersom nokon opplever det same eller har tips må dei for all del ta kontakt, oppmodar Harang.

– Vi kan ikkje utelukke at også privatpersonar kan oppleve slike tjuveri.

Stort problem

Innbrot i bilar som har høge verdigjenstandar er ei høgaktuell problemstilling for politiet.

Klokka 14.30 søndag var politiet ferdig med å sikre åstaden i Fremmerholen og vil no etterforske tjuveria.

– Etterforskinga vil vise om det er snakk om profesjonelle tjuvar eller ikkje, seier Ole Bjørn Harang.

Det er ikkje første gong politiet i området etterforskar slike tjuveri. I fjor haust knuste tjuvar seg inn i 15 bilar ved Møller bil i Ålesund og tok navigasjonsutstyr.