Hopp til innhold

Politiet slår alarm om nytt dødsdop etter dødsfall på Sunnmøre

Politiet fryktar fleire dødsfall etter at det for første gong i Noreg er funne eit nytt, livsfarleg narkotisk stoff. Stoffet har allereie kravd eitt menneskeliv.

Tablettar

Her er nokre av dei lyseblå tablettane som politiet sikra seg etter overdosedødsfallet på Sunnmøre rett før jul i fjor.

Foto: Kripos

Det nye dødsdopet etonitazepyn er aldri før oppdaga i Noreg. Obduksjonsrapporten etter eit uventa dødsfall sist jul fekk politietterforskarane til å sperra opp auga.

Politiet på Sunnmøre går no ut og åtvarar mot små, lyseblå tablettar med verkestoffet etonitazepyn.

– Det er veldig farleg. Du skal ta veldig lite av det før det kan vere fare for liv og helse, og det skal lite til før du tar ein overdose, seier politiadvokat Lena Katrin Romestrand.

Ein ung mann blei funnen død utanfor ei leilegheit der han skal ha vore på fest rett før jul.

Romestrand seier politiet ikkje veit kvar tablettane han hadde tatt kom frå, eller om fleire kan ha fått tak i det. Politiet på Sunnmøre seier dopet er så nytt at det førebels ikkje er klassifisert som narkotika.

Lena Katrin Romestrand

Politiadvokat Lena Katrine Romestrand ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fryktar at fleire kan ta det

I leilegheita der den unge mannen hadde vore på besøk skal politiet ha funne mellom 15 og 20 tablettar av same type.

Politiadvokat Lena Katrin Romestrand seier dei no fryktar at fleire skal få tak i tablettar og ta dei, utan å vite kva dei får i seg. Tablettane skal tilsynelatande sjå ut som mindre farlege, narkotiske tablettar, men innehalde svært farlege stoff.

– Vi fryktar at det kan bli fleire overdosar. Vi veit ikkje kor lett det er å skaffe, og om dette funnet er det einaste på Sunnmøre. Men det viser at det er tilgjengeleg på marknaden, seier ho.

Ifølgje Romestrand er stoffet farlegare enn fentanyl, som tok livet av 21 år gamle Jens Lunde Tusvik. Mange har høyrt om han gjennom NRK-serien «Rus».

Les også Dette stoffet fryktar politiet mest – Jens døydde av ufrivillig overdose

Jens Lunde Tusvik saman med foreldra Stein Thomas og Gyril.

Har slått internasjonal alarm

Professor og overlege Lars Slørdal har det faglege ansvaret for den rettstoksikologiske verksemda ved St. Olavs hospital, der mannen blei obdusert. Han seier dei stadig oftare kjem over nye rusmiddel som blir omtalte som «nye psykoaktive substansar», NPS.

Dette er allereie kjende rusmiddel som blir modifisert kjemisk, men som ein har minimalt med erfaring og kunnskap om.

– Det er eit tankekors for meg at nokon i det heile tatt er villige til å stille eigen kropp og eige liv til disposisjon for slike sjanse-seglasar, seier han.

Tablettar med etonitazepyn

Dei blå tablettane er berre nokre milimeter, men kan gjere stor skade.

Foto: Per Ole Gundersen, Avdeling for klinisk farmakologi, St. Olavs hospital

Europeisk overvåkingssenter for narkotika og narkotikamisbruk, EMCDDA, er allereie varsla om dødsfallet i Noreg. Senteret prøvar å halde oversikt over dei illegale stoffa som florerer. Per no er det 880 NPS-stoff. I tillegg kjem truleg store mørketal.

– Omsetninga av desse stoffa skjer i lukka miljø via internett og postgang, og både narkotikahundar, tollarar, politi og analysepersonell har naturlegvis problem med å finne og kartlegge stoff dei aldri tidlegare har vore utsette for, seier han.

St. Olavs hospital

Det var her ved St. Olavs hospital i Trondheim det nye stoffet etonitazepyn nyleg blei oppdaga.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Trur ikkje den sikta visste

Politiet veit ikkje kor mange tablettar mannen på Sunnmøre fekk i seg før han døydde av overdosen. I ettertid er ein mann i 30-åra sikta for likskjending og for å ha forlate ein hjelpelaus person. Ein annan er sikta for medverking til likskjending, etter at dei skal ha trilla den avdøde på ei tralle vekk frå leilegheita.

– Vi trur ikkje han visste kor farleg tablettane var, seier Romestrand.

Dei pårørande seier gjennom sin bistandsadvokat at dei ønskjer at politiet åtvarar mot det nye stoffet.

Dei ønskjer ikkje at andre pårørande skal måtte oppleve det tapet dei har lidt, skriv bistandsadvokaten i ei tekstmelding til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL