Hopp til innhold

Politiet får kritikk

Politiet let vere å foreta seg noko som helst i over eitt år, under etterforskinga av ei grov narkotikasak som nyleg gjekk for retten. Det kjem fram av dommen frå Sunnmøre tingrett som nyleg blei avsagt. Ålesundaren som er dømt i saka oppbevarte og selde rundt eit halvt kilo hasj, mindre mengder kokain og også opingmiddel, og får no 87 timar samfunnsstraff. I dommen heiter det at det vore total inaktivitet på omlag 13 månader, og at dette er brot på både menneskerettane og Grunnlova.