Hopp til innhold

Politiet får hjelp frå Kripos

Politiet i Nordmøre og Romsdal har bede Kripos om hjelp for å finne ut kva som skjedde med den 78 år gamle mannen som vart funnen død i Gjemnes 1. juledag.

Anders Skorpen-Trøen

Politifullmektig Anders Skorpen-Trøen er tilbakehalden med informasjon om kva som kan ha skjedd med den 78 år gamle mannen som vart funnen død i Gjemnes 1. juledag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi har frå i dag fått bistand frå Kripos til den taktiske etterforskinga. Dei har særleg kompetanse på å etterforske slike saker, seier politifullmektig Anders Skorpen-Trøen til NRK måndag ettermiddag.

Det var rbnett som omtalte saka først.

Den 78 år gamle mannen som var ute og gjekk 1. juledag blei først meldt sakna, og seinare funnen død same kveld i området ved Dønnem langs riksveg 666. Politiet har tidlegare uttalt at dei ser på dødsfallet som mistenkjeleg.

Gjennomgang av tips

Mannen skulle gå ei forholdsvis kort strekning frå ei adresse til ei anna, men kom ikkje fram. Politiet fekk melding kl. 20.30 1. juledag om at mannen var sakna og politi, mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske redningshundar deltok i leiteaksjonen.

Politiet har bede om tips frå publikum, og Skorpen-Trøen kan stadfeste overfor NRK at dei har fått inn tilbakemeldingar. Politiet har også tidlegare vore i kontakt med Kripos, og blei då einige om at dei ikkje skulle delta i etterforskinga. Det har dei gått tilbake på no.

– Kripos skal hjelpe oss med å gjennomgå tipsa.

Mistenkjeleg

Då mannen blei funnen, sa politiet at dei ikkje mistenkte at mannen hadde blitt utsett for noko kriminelt, men det gjekk dei tilbake på nokre dagar etter.

Grunnen til at dei ser på dette som eit mistenkjeleg dødsfall er at omstenda rundt dødsfallet ikkje er avklart.

– Vi kan framleis ikkje utelukke at det har skjedd noko kriminelt, seier Skorpen-Trøen til NRK måndag.

Politifullmektig Anders Skorpen-Trøen vil ikkje seie noko om kvar mannen vart funnen, men politiet vil seinare i dag frigi namnet på den omkomne.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL