NRK Meny
Normal

Politiet etterlyser vitne etter ransforsøk ved Bunnpris

Politiet etterlyser vitne etter ransforsøk ved Bunnpris i Spjelkavik.

Bunnpris

Inngangen til den søndagsopne Bunnpris-butikken i Spjelkavik er på høgresida.

Foto: Leiv-Erik Bondevik/NRK

Politiet fekk søndag kveld melding om at ein mann forsøkte å rane Bunnpris-butikken i Spjelkavik. Ingen personar blei fysisk skadd i ransforsøket.

Politiet ønskjer å komme i kontakt med et mogleg vitne i saka. Vitnet beskrives som en ung kvinne med mørk blondt hår, som kom til Bunnpris på moped/scooter, ca klokka 22.30.

Ho var iført en grå og sort jakke, sort Umbro joggebukse og kvite joggesko. Politiet ber jenta om å ta kontakt med politiet på telefon 02800, så raskt som mogleg.

Ranaren var iført finlandshette då han kom inn i butikken og trua dei tilsette med ein pistolliknande gjenstand. Politiet har grunn til å tro at gjerningsmannen syklet frå staden

Politiet har gjennom heile natta leita etter mannen, opplyser operasjonssentralen i Sunnmøre politidistrikt.

Søndagsåpent

Politiet leitar etter ein mann som forsøkte å rane Bunnpris-butikken søndag.

Foto: Leiv-Erik Bondevik/NRK