NRK Meny
Normal

Politiet etterforskar mobbesak

Lensmann Leif Arne Mork i Ulstein seier til NRK at dei etterforskar ei sak, der ei jente ved ungdomsskulen skal ha vorte krenkt via appen Jodel.

Leif Arne Mork

Leif Arne Mork, lensmann Ulstein og Hareid.

Foto: Arne Flatin / NRK

Mork seier dei no vil prøve å finne ut kven som har lagt ut desse meldingane med krenkande innhald, for å konfrontere vedkomande med dette.

Han har ikkje mykje sans for at det vert mobba anonymt på denne måten, og ber foreldre om å engasjere seg.

Det var Sunnmørsposten og Vikebladet som omtalte saka først.

Tek tak

Det same gjer Jostein Vartdal, som er rektor ved skulen der jenta er elev. Han seier dei tek tak i problemstillingane, og har sendt ut informasjon og oppmoding til alle foreldre.

Jostein Vartdal, Ulstein ungdomsskule

Jostein Vartdal, rektor ved Ulstein ungdomsskule.

Foto: Arne Flatin / NRK

I tillegg har dei mobilhotell på skulen. Det betyr at alle telefonar vert plasserte der før skulestart og henta ut når elevane skal heim på ettermiddagen.

Få som øydelegg

På ein solfylt dag ved Ulstein ungdomsskule ser det meste likevel idyllisk ut, og MOT-representantane Ida Furseth og Kamilla Skaar Berg meiner det er nokre få som øydelegg for det store fleirtalet. Skulen har eit svært godt miljø slår dei fast.

Bruken av Jodel har skapt problem også tidlegare ved ungdomsskulen, seinast i fjor. Samtidig meiner rektor Vartdal at Ulstein ikkje er verre enn andre stader. Han kjenner til liknande problemstillingar ved andre skular i nabokommunane.

Politiet etterforskar eit tilfelle av sjikane og mobbing via Jodel.

MOT-representantane Ida Furseth (t.h) og Kamilla Skaar Berg (t.v.) meiner det er nokre få som øydelegg.