Hopp til innhold

Politiet: Etterforskar dødsfall som drap og sjølvdrap

Eit ektepar i 80-åra blei funne døde i Molde torsdag. Den avdøde mannen har no fått status som sikta, opplyser politiet.

Ein krimteknikar står ved ein varebil i lyset av at bakdøra er opa. Inne i bilen ser vi utstyr som heng på veggane og i skuffer. Teknikaren har ei kvit, heiltekkande drakt på seg. I forgrunnen ser vi politisperreband.

POLITI: Politiet i Møre og Romsdal har den siste veka etterforska dødsfalla i Molde.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Det var torsdag førre veke at politiet rykte ut til ein bustad i Molde etter at det eldre ekteparet blei funne døde. Begge var skotne og i huset blei det også funne eit våpen.

Politiet blei varsla av ein nærståande person som skulle på besøk.

Måndag blei dei to obduserte og rapporten tilseier at begge døydde av skotskadar.

Dei etterforskar dødsfalla som drap og sjølvdrap.

Skorpen-Trøen seier til NRK at dei så langt ikkje veit kva som var motivet, men dette prøver dei å finne svar på.

Mannen har fått status som sikta.

Les også Døde i Molde var skotne

Ein person med ei raud uniform det stpr "LEGEVAKT" på vert vist inn under politisperringar av ein politibetjent i svart uniform. Dei går mot ei kvit inngangsdør til eit raudt hus. I forgrunnen ser vi politisperrebanda ute av fokus,.

Brukte jaktriftle

Bustaden der dei to blei funne ligg i eit område med mange hus i Molde. Politiet har den siste tida gjennomført ein rekke avhøyr og rundspørjing i nabolaget.

Ein sentral del i etterforskinga har vore om naboar rundt har høyrt skot. Politiet har arbeidd med fleire hypotesar, men det blei tidleg klart at det ikkje var haldepunkt at andre personar var til stades då drapa skjedde.

Våpenet som vart brukt var ei jaktrifle.

Anders Skorpen-Trøen seier at saka rammar lokalmiljøet hardt.

– For nabolaget og særleg dei etterlatne er det ei djupt tragisk sak, seier politiinspektøren. Han oppmodar om å gi familien ro.

Krimteknikere jobber på åstedet hvor to personer ble funnet døde i Molde.

Krimteknikarar frå politiet jobba på staden i fleire timar førre torsdag.

Foto: Roar Strøm / NRK

Kriseteamet blei kopla på

Kriseteamet til Molde kommune vart kopla inn straks dødsfalla vart oppdaga.

Magne Furuseth, som er leiar i gruppa, har tidlegare sagt til NRK at dei næraste pårørande er prega av det som har skjedd.

Kriseteamet vil også gi naboar og andre som kjenner dei avdøde tilbod om oppfølging.

Les også To personar er funne døde i Molde – uklart kva som har skjedd

Kriminalteknikere gjør undersøkelser på stedet etter at to personer ble funnet døde i en bolig i Molde.