Hopp til innhold

Politiet ber om tips etter innbrot

I løpet av kvelden i går eller natt til i dag har det vore innbrot og blitt gjort skadeverk i ein einebustad på Legene i Langevåg. Det melder politiet. Ifølgje dei skal gjerningspersonane ha brote seg inn gjennom eit vindauge. Det er så langt uklart om noko har blitt stole. Politiet er på staden og gjer undersøkingar. Dei ber også om at tips og observasjonar blir meldt til politiet på 02800.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL