Hopp til innhold

Politiet ber om tips etter innbrot

Politiet etterforskar eit innbrot hos ei gullsmedforretning på Moa som skal ha skjedd natt til i dag. Det er ikkje kjent kor mykje som blei stole frå forretninga. Politiet ber om tips frå folk som kan ha sett noko i området i går kveld og natt til i dag.