Hopp til innhold

Politiet ber om tips

Politiet har framleis håp om å finne den 79 år gamle kvinna, som har vore sakna i Molde sidan måndag, i live. Fleire hundre har leita etter kvinna utan resultat. Politioverbetjent, Hans Kristian Lundgreen, ved Molde politistasjon ber publikum om å kome med tips dersom dei har sett noko dei tenker kan ha betydning for forsvinningssaka. – Vi ber om at alle som føler dei har noko informasjon tek kontakt. Så kan politiet vurdere om det er opplysningar som er interessante for saka eller ikkje, seier Lundgreen.

Hans Kristian Lundgreen i politiet.
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK