Hopp til innhold

Politiet ber om tips

Ein mann i 20-åra vart i morgontimane søndag 5. august funnen skada i Ålesund sentrum. Politiet har så langt svært få spor. Kva som har hendt før han vart funnen utanfor ein bygard i Buholmgata framstår førebels som uklart. – Har du sett noko ber vi om at du tek kontakt med oss på 70 11 87 00 / 02800, skriv politiet i ein pressemelding.

Overfall Ålesund
Foto: Møre og Romsdal politidistrikt