Hopp til innhold

Politiet ber eigarar av slike lastebilar melde seg

Politiet ber no eigarar av små lastebilar som har vore i det aktuelle området om å melde seg snarast etter den alvorlege ulykka i Herøy laurdag morgon.

Volvo FE lastebil

Politiet vil ikkje seie noko om fargen på lastebilen dei no etterlyser, men ber alle eigarar av Volvo FE og Volvo FL i Herøy-området om å melde seg. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Volvo

Etterforskingsleiar Grete Hjelle seier laurdag ettermiddag at dei ber om at sjåførar eller eigarar av alle små lastebilar av typen Volvo FE eller Volvo FL, som har vore i det aktuelle området, melder seg snarast. Ho vil ikkje gå ut med fargen på den bilen dei er ute etter.

– Vi vil at dei skal ta kontakt med oss, seier Hjelle.

– Har de sjølve tatt kontakt med eigarar av slike lastebilar?

– Nei, vi har ikkje oversikt over alle som køyrer slike bilar, og ber heller dei om å melde seg, seier ho, og seier at så langt har ingen tatt kontakt.

Har funne lykteglas og deksel

Grete Hjelle

Etterforskingsleiar Grete Hjelle i politiet på Sunnmøre.

Foto: Andrine Davidsen / NRK

Laurdag morgon blei ein ung mann funnen alvorleg skadd i vegkanten på fylkesveg 654 i Herøy, og politiet seier mykje tyder på at han er påkøyrt.

Vi kan aldri vere hundre prosent sikre, men skadeomfanget og observasjon av personen på vegskuldra like før ulykka, tilseier det, seier Hjelle.

Laurdag ettermiddag seier etterforskingsleiaren at dei har funne lykteglas og eit deksel frå ein Volvo på ulykkesstaden, og at dei difor leitar etter ein slik bil.

– Vi reknar med at bilen har skade på venstre side framme, truleg er lykta knust, og det manglar også eit deksel, seier ho.

Startar rundspørjing laurdag kveld

Volvo FL

Denne bilen, ein Volvo FL, eller modellen FE, er politiet no spesielt interesserte i. Dei ber eigarar på Søre Sunnmøre om å melde seg. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Volvo

Heile laurdag har etterforskarar arbeidd for å finne ut kven som kan ha køyrt på mannen, men utan å finne nokon. Laurdag kveld set politiet inn fleire folk og startar truleg rundspørjing i nabolaget der ulykka skjedde.

– Vi må snakke med dei som vi kan snakke med, og vil gjerne ha inn meir informasjon. Det er viktig at folk er klar over at det vesle dei veit, kan vere avgjerande, seier ho.