NRK Meny
Normal

Politiet ber bilistar ta omsyn til krevjande køyreforhold

Snø skapar store problem fleire stadar i fylket. Politiet ber no bilistane om å det med ro.

Utforkøyring ved Otnes

Ein trailer køyrde utfor vegen På E39 ved Otnes kyrkje i Halsa kommune måndag.

Foto: Bjørn Ove Angvik

For andre dag på rad har det vore ein rekke utforkøyringar fleire stadar i fylket.

Operasjonsleiar Sigvart Sivertsen

Operasjonsleiar i politiet Sigvart Sivertsen ber bilistane om å ta det roleg på vinterføret.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Berre i løpet av ein time måndag ettermiddag skjedde det heile fire utforkøyringar.

No ber politiet bilførarane om å ta det roleg på vinterføret og åtvarar mot svært krevjande køyreforhold.

– Når brøytemannskapet er ute med fullt mannskap og likevel melder at dei har problem med å ta unna alt, så seier det litt om situasjonen, seier operasjonsleiar i politiet Sigvart Sivertsen.

– Ta det med ro på vegane, og i nokre tilfelle kan det vere lurt å utsette køyreturen litt, er oppmodinga frå operasjonsleiaren.

Fleire utforkøyringar

Laster Twitter-innhold

På E39 ved Otnes kyrkje i Halsa kommune har fleire trailerar vore uheldige i dag.

Laster Twitter-innhold

Snøproblem i Volda

I Volda går kommunen ut på si Facebook-side og oppmodar bileigarar om snarast å fjerne avskilta bilar frå offentleg areal.

– Køyretøya er til hinder for snørydding og anna vedlikehald og tek opp parkeringsplassar. Politiet kan gje kommunen løyve til å fjerne bilane dersom dei vert vurdert til å vere vrak. I motsett fall om bilane vert vurdert som «brukbare»vert dei ståande til irritasjon for både brøytemannskap og publikum, skriv dei i innlegget.

Volda kommune snøproblem

Bilar skaper problem for brøyting i Volda.

Foto: Volda kommune