Hopp til innhold

Ber foreldre om å følgje med

Politiet på Sunnmøre ser svært alvorleg på at personar heilt ned i barneskulealder kjøpar og distribuerer knivar og andre våpen.

Ulovelege knivar

Politiet ønsker å førebygge vidare spreiing og bruk av slike knivar og andre våpen.

Foto: Politiet på Sunnmøre i Møre og Romsdal politidistrikt

Måndag la politiet på Sunnmøre ut denne meldinga på Facebook:

«Vi kjenner til at mange ungdommer (og voksne), har kjøpt disse knivene billig på nett. De skjules gjerne i lommeboken som kredittkort eller bak mobildeksel. Dette er IKKE greit. Kniv skal ikke medbringes på skole eller på byen. Rett og slett fordi den i værste fall kan brukes i sinne. Bedre at foreldre tar beslag i disse, enn at politiet gjør det, og oppretter straffesak. Og enda viktigere at vi unngår at noen blir alvorlig skadet».

Kjøpt billig på nett

Politiet åtvarar spesielt mot små samanleggbare knivar som blir kjøpt på nett til under 10 kroner.

Ulovelige knivar

Måndag la politiet ut denne melding på Facebook.

Foto: Skjermdump

– Vi har oppdaga at mange mindreårige kjøpar desse knivane i store kvantum til 6–7 kroner stk. for så å selje dei vidare til jamaldrande for ein tidobla pris, seier politibetjent Arild Helland ved førebyggande avsnitt på Ålesund politistasjon.

Han fortel at knivane kan foldast saman slik at dei blir på storleik med eit bankkort. Desse kan lett skjulast både for politi og andre ved å plassere kniven bak eit mobildeksel eller i ei lommebok.

– Men er du dom nok til å ta med deg ein slik kniv på eit fly, då vil du få problem, seier Helland.

– Det som er ekstra beklageleg er at vi har namn på personar heilt ned i barneskulealder som kjøper desse knivane, held han fram.

Kan få alvorlege konsekvensar

Han meiner at desse knivane ikkje er egna til spikking eller anna fornuftig bruk.

Arild Helland

Politibetjent Arild Helland jobbar ved førebyggande avsnitt på Ålesund politistasjon.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK
Ulovelige knivar

Kniven kan foldast slik at den blir på storleik med eit bankkort.

Foto: Politiet på Sunnmøre i Møre og Romsdal politidistrikt

– Slike knivar blir brukt til å beskytte seg eller for å true nokon. Vi er redd for at desse knivane kan bli brukt i kamp eller i affekt, noko som kan få alvorlege konsekvensar, seier Helland.

Han håpar at åtvaringa kan ha ein førebyggande effekt.

– Vi ønsker å formidle denne bodskapen til foreldre slik at dei kan ta tak i det dersom barna deira har slike knivar eller andre våpen, seier Helland.

Men det gjeld ikkje berre knivar, fortel politibetjenten.

– Det dessverre mange våpen som blir bestilt på nett, så vi vurderar også å bruke tollsperrer på dei mest aktive ungdomane for å unngå at desse våpena blir spreidd, seier han.