Politiet åtvarar mot snøskred

Politiet åtvarar mot stor skredfare i fylket etter at det laurdag ettermiddag gjekk endå eit snøskred i Møre og Romsdal. Eit turfølgje utløyste eit 300 meter langt og 40 meter bredt snøskred frå Sandegga i Austefjorden i Volda. Ingen skal vere tatt i skredet. Få minutt før utløyste eit anna turfølgje eit skred i same kommune frå Grøtdalstindane.