NRK Meny
Normal

Politidirektøren redda Smøla

Smøla får likevel behalde lensmannskontoret. Det har politidirektør Odd Reidar Humlegård bestemt.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård legger fram nærpolitireformen

Smøla får likevel behalde lensmannskontoret sitt, har politidirektør Odd Reidar Humlegård bestemt.

Foto: Carl-Gøran Larsson / NRK

Dette er einaste endringa politidirektøren har gjort i forhold til framlegget frå politimeister Ingar Bøen, som meinte at Smøla lensmannskontor skulle leggast under Aure.

– Vi har i fellesskap kome til at Smøla likevel bør bli oppretthalde, seier Bøen, som viser til at han har vore i tett dialog med Politidirektoratet etter at han hadde levert tilrådinga si.

Politimesteren på konferanse

Etter samtalar med Ingar Bøen gjorde politidirektøren ei endring i den foreslåtte politistrukturen i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det er av omsyn til reiseavstandar og befolkningsmengd det no er bestemt at Smøla får behalde lensmannskontoret.

– Ved ei avvikling ville Smøla blitt ei av landets største øyar utan fast stasjonert politi, og lang reiseavstand til næraste lensmannskontor, seier Humlegård.

Etter at han no har lagt fram si avgjerd blir det politistasjon eller lensmannskontor i Vanylven, Herøy, Ulstein, Ørsta, Sykkylven, Ålesund, Haram, Vestnes, Rauma, Molde, Fræna, Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Kristiansund, Smøla og Aure.

Men til saman ni av dei minste lensmannskontora her i fylket blir slått saman med nabokontoret. Politiet meiner dette skal gjere dei meir operative, synlege og tilgjengelege.

Dei berørte kommunane har åtte veker på seg til å klage til Justis- og beredskapsdepartementet.

Politikart for Møre og Romsdal

Slik blir det nye politikartet for Møre og Romsdal.

Foto: Politidirektoratet