Hopp til innhold

Politibetjentar blir avhøyde i dag

Dei to politibetjentane, som er mistenkt for tenestefeil etter eit dødsfall i Ålesund i helga, blir avhøyrde i dag. Det opplyser Thomas Arntsen, etterforskingsleiar i Spesialeininga til NRK.

Dei skal no etterforske for å finne ut om det kan vere ein samanheng mellom politiet sin framgangsmåte og dødsfallet til ein mann.

Etterforskarar frå Spesialeininga kom til Ålesund i går og vil no starte med avhøyr av dei involverte, både politi og vitne. Dei skal også gå gjennom videoar frå hendinga. Spesialeininga skal allereie ha fått fleire videoar frå politiet.

– Vi ønskjer framleis å få videoar om nokon ikkje har overlevert det dei har filma. Vi er også interessert i å kome i kontakt med dei som har observert hendinga om vi ikkje har vore i dialog med dei, seier Arntsen.

Spesialeininga kjem også til å gå gjennom politiet sine lydloggar frå hendinga, både telefoni og samband. Mannen som døydde blir obdusert over helga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL