NRK Meny
Normal

Politimann får ikkje halde fram som tryggleikssjef i Molde FK

– Her kan det oppstå problem, meiner politimeister Arnstein Nilssen.

Politimester Arnstein Nilssen

Arnstein Nilssen, politimeister i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, meiner rolla som tryggleikssjef i Molde FK og jobben som politimann ikkje bør kombinerast.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Politiførstebetjent Arve Tovan har i 20 år hatt jobben som tryggleikssjef i Molde Fotballklubb.

No er det derimot slutt, etter at politimeisteren i Nordmøre og Romsdal politidistrikt har sett ned foten.

Politimeister Arnstein Nilssen meiner det er vanskeleg å kombinere desse to rollene no.

– Som politimann har han ei plikt til å gripe inn, ei handleplikt.

– Og det er ikkje i samsvar med å vere tryggleiksansvarleg. Her kan det oppstå problem i samband med at supporterar kjem for å lage bråk, seier Nilssen.

Aktuelt på grunn av seriegull

Men kvifor etter 20 år spør du?

– No veit vi at Molde Fotballklubb har gått sigrande ut av serien to år på rad.

– Det medfører at supporterar som vil lage bråk trekkjer til kampar som blir spelt i Molde, meiner politimeisteren.

Han viser òg til ein instruks frå 2008.

Saka held fram under bildet.

Molde stadion

Her, på Molde stadion, har Arve Tovan vore tryggleikssjef.

Foto: Nilsen, Per Tormod / Scanpix

– Løpande vurdering

Per Lianes

Arrangementsansvarleg i Molde FK, Per Lianes, fortel at Tovan no skal brukast som rådgjevar på tryggleikssida.

Foto: Nilsen, Per Tormod / NTB scanpix

Det er politimeisteren i kvart enkelt distrikt som avgjer om politimenn kan ha såkalla bierverv.

– I den godkjenninga er det gjeve uttrykk for at politimeister på eit tidspunkt kan trekkje den tilbake. Det er heile tida ei løpande vurdering.

– Grunngjevinga her er altså rolleblandinga mellom det å vere tryggleiksansvarleg og det å utøve sitt yrke som politimann, seier Nilssen til NRK.no.

Arrangementsansvarleg i Molde FK, Per Lianes, synest det er trist at Tovan ikkje kan halde fram i jobben.

Samstundes er han klar på at klubben vil bruke politimannen som rådgjevar.

Tovan kan anke saka inn for politidirektoratet.