Hopp til innhold

Har lengst tenestetid i landet

Odd Kulø i Ulsteinvik har vore lensmann sidan 1982 og vore i teneste i politiet sidan 1969, men no er det snart slutt. 30.juni pensjonerer han seg.

Odd Kulø

Odd Kulø i full uniform på lensmannskontoret i Ulsteinvik. Snart har han sin siste arbeidsdag her, og har alt starta å pakke vekk sakene sine.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ein annan markant politimann i Møre og Romsdal, Arnstein Nilssen, ligg litt bak Kulø i tenestetid og det er han som har gjort Kulø merksam på dette.

- Eg trur det ergrar han at eg ligg litt foran, smiler Kulø.

Heilt sidan 1982 har moldensaren Odd Kulø vore lensmann i Ulstein og Hareid. I mange år låg lensmannskontoret på Hareid, men i ein del år har det vore plassert i Ulsteinvik sentrum. Ikkje så langt unna heimen til Odd og Lisbeth Kulø.

No nærmar han seg 70 år (januar neste år) og får meir tid til familie og vedlikehaldsarbeid heime. Han har sonen Reidar sin familie som næraste naboar. Også han er politi ved lensmannskontoret i Ulsteinvik.

Store saker

Opp gjennom åra har Kulø opplevd mange store saker. Antonsen-saka frå Ørsta i1974, Hareids-drapet for berre nokre år sidan, dobbeldrap i Vanylven, leiteaksjonar, ulykker og andre store saker.

Odd Kulø

Odd Kulø med hendene i lomma. Det har ikkje vore eit vanleg syn i Ulsteinvik, men no får han meir tid til å slappe av når han gir seg som lensmann etter 35 år og som politimann etter nesten 50 år.

Foto: Arne Flatin / NRK

Likevel er filosofien til Kulø at minst muleg køller og handjarn er det beste. Han har hatt mest glede av å hjelpe folk i det daglege. Ein gong hjelpte han ein kar med å finne att lommeboka i snøen ved god hjelp av hunden sin. Og han gløymer ikkje ansiktet til mannen då dei fann lommeboka.

Kulø har også vore aktiv med hund i redningstenesta i mange år. Han har vore engasjert i politireforma for ein del år sidan, og har sine meiningar også om dagens reform. Han er ikkje i tvil om at det er fornuftig med større einingar, men vil ikkje meine så mykje meir om dette no når han snart skal gå av.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL