Hopp til innhold

Polarled vert sinka av sterk vind og bølgjer

Legginga av gassrøyrleidninga ut frå Nyhamna i Aukra har møtt utfordringar grunna vêret dei tre første vekene.

Solitaire legger Polarled

For tre veker sidan starta verdas største rørleggingsskip, Solitaire, arbeidet med å legge det 480 kilometer lange røret. Vind og bølger har skapt litt utfordringar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Gigantleidningen Polarled skal knyte saman Aasta Hansteen-feltet utanfor Bodø og Nyhamna i Aukra. For tre veker sidan starta verdas største rørleggingsskip, Solitaire, arbeidet med å legge det 480 kilometer lange røyret. Gassrøyret skal leggast ned mot 1300 meters djupne. Skipet ligg no nordvest for Bud og legg røyr døgnet rundt, men vêret har gitt litt trøbbel.

– Arbeidet har gått litt seinare enn det hadde gjort dersom vi hadde ideelle vêrforhold. Vind og bølger har gitt utfordringar, seier Alfred Øijord. Han er prosjektleiar i Statoil for Polarled.

Alfred Øijord

Alfred Øijord er prosjektleiar for Polarled.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det betyr at dei har måtte ligge stille i periodar og vente på betre vêr.

Forbi krevjande område

Sjølv om det har vore stans enkelte dagar, har Solitaire kome forbi det krevjande området ut Harøyfjorden, der dei har jobba nært inntil Ormen Langerøra og Langeled. Dette er ein milepæl i arbeidet.

LES OGSÅ:

Ingen konfliktar

Gigantskipet er godt synleg frå land og vert passert av mange andre skip nordover Hustadvika. Så langt utan konfliktar.

– Det har ikkje vore rapportert nokon utfordringar i forhold til skipstrafikken, så det ser ut som det har gått veldig bra, seier Øijord. Det har vore los om bord heile tida.

Etter planen skal legginga av Polarled vere ferdig innan oktober