Poengdeling for KBK

Det blei poengdeling då Kristiansund BK møtte Lillestrøm på bortebane i kveld. Christophe Psyché satte ballen i eige mål for KBK nokre minutter før sidebytte. KBK fekk også eit straffespark i første omgang, men greidde ikkje å sette ballen i mål. Ved pause stod det 1-0 til Lillestrøm. Men nokre minutt ut i andre omgang scora Amahl Pellegrino for Kristiansund. Dette er angriparen si sjette scoring denne sesongen.

 Lillestrøm - Kristiansund
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix