Karl Børre Reite (dommar)

Portugisiske Marcos Freitas (til venstre) og greske Kalinikos Kreanga (til høgre) er verdsstjerner i bordtennis. Her er dei i aksjon under bordtennis-VM som går føre seg i Tokyo i desse dagar. Det er derimot ein nordmann midt i bildet: Dommar Karl Børre Reite.

Foto: Eugene Hoshiko / Ap

Midt i manesjen

Karl Børre Reite er den dårlegaste registrerte bordtennisspelaren i Noreg. Likevel er han dommar for dei aller største stjernene under VM i Tokyo.

– Ja, eg er visst det, svarer Reite når setninga «du er altså dommar i bordtennis-VM» kjem innleiande.

Nesten overraska over at han sjølv no står midt i Yoyogi Arena, eit gigantisk idrettsanlegg i den japanske hovudstaden Tokyo. Sidan 28. april, og fram til i dag måndag 5. mai, er Karl Børre Reite ein viktig del av bordtennis-VM.

– Det er ganske stort å få lov til å gjere dette. Her er frykteleg mykje folk, slår han fast til NRK over telefon.

Han dømmer superstjerner som tyske Timo Boll, danske Michael Maze, kviterussiske Vladimir Samsonov og ein heil bråte med asiatiske bordtennisikon.

Karl Børre Reite

Dømminga i bordtennis har blitt meir og meir profesjonalisert dei siste åra, ifølgje generalsekretær Svenn-Erik Nordby i Norges Bordtennisforbund. Her er dommar Karl Børre Reite med eitt av dommarmerka.

Foto: Youshimula

– Eg har dømt Xu Xin, som var nummer éin på det tidspunktet. Eg har vel dømt seks av dei øvste på verdsrankinga, fortel Reite.

Brøkdel av eit sekund

Han er inne i sitt 46 år, bur i Larkollen i Østfold, men er opphavleg frå Fosnavåg på Sunnmøre. Til vanleg jobbar han i Skattedirektoratet. Bordtennis var for Karl Børre, som for mange, berre nok ein nisjésport.

No står han altså midt oppe i eitt gigantisk idrettsarrangement og er dommar i det som er verdas største individuelle idrett.

På bildet i toppen av saka er portugisiske Marcos Freitas (til venstre) i aksjon mot greske Kalinikos Kreanga. Ein ung spelar frå nyleg elitekvalifiserte Portugal, mot ein gresk (tidlegare rumensk) superrutinert ringrev. Begge er stjerner i verdssporten, i midten sit Karl Børre Reite.

– Dette er verdsstjerner i sine land. Spesielt fleire av dei asiatiske spelarane, og mellom anna dei frå Tyskland, Frankrike og Sverige, har blitt svært rike på idretten. Dei er idrettsstjerner på linje med våre skiløparar, poengterer Reite.

Som bordtennisdommar er han éin av to under kampar. Dommarane sit på kvar si side av dei 2,74 meter lange, 1,525 meter breie og 76 centimeter høge borda.

Han må vere «på» heile tida.

– Ein må vere svært konsentrert. Éin ting er farta, men det er veldig mange ting å halde styr på i tillegg. Berre i serven er det mellom 30 og 40 moment som må haldast styr på i løpet av nokre få sekund. Ein må rett og slett automatisere litt, og så blir det instinktivt etter kvart kva som er den rette avgjerda, fortel Reite.

– Historia er rett og slett morosam

Han har tatt alt av dommarkurs i løpet av dei siste ti åra, det siste for eitt år sidan i Qatar.

– Då tok eg den høgste graden, prøven, som gjorde at eg kom inn i eit program og med det turneringar som denne, seier bordtennisdommaren.

I Japan får han truleg den høgste utmerkinga som dommar, såkalla «bluebadge». Han har blitt vurdert fortløpande i VM for lag, men både han og Torstein Rønningen – Noreg sin andre dommarrepresentant – har fått gode tilbakemeldingar.

– Dommarstanden her har hatt ei svært positiv utvikling dei siste ti åra. Jobben har vore glimrande i dommarkomiteen, der Karl Børre no er leiar, fortel Svenn-Erik Nordby, generalsekretær i Norges Bordtennisforbund.

Som med bordtennisen i Noreg har kvaliteten på dommarane òg betra seg. Likevel er det litt overraskande at det er Reite og Rønningen som er i Japan.

– Historia til Karl Børre er rett og slett morosam. Torstein (journ.anm. Rønningen) var fotballdommar før sønene byrja med bordtennis, så han blei dregen inn. Han har vore med litt lenger òg. Karl Børre kom inn i miljøet på Larkollen og ville lære sporten, seier Nordby.

Slo litt over eit kjøkkenbord

Reite spelte handball sjølv då han var yngre, men det næraste han var å spele bordtennis var over kjøkkenbordet heime, fortel han. Det var då sonen starta med bordtennis som åtteåring at han blei interessert.

– Eg blei dommar rett og slett for å finne ut kva gutungen heldt på med. Eg tok dommarkurs for å lære meg sporten, og etter kvart har eg stige i gradene.

Han har etter kvart blitt leiar i Norges Bordtennisforbund sin dommarkomité. Å spele sjølv gjer han lite av.

– Eg byrja å spele litt sjølv for ti år sidan, opnar Karl Børre, før han kjem med ei lett humoristisk opplysning:

– Men eg er faktisk den dårlegaste registrerte bordtennisspelaren i Noreg. Så det er noko heilt anna å kunne reglar og sjå og vite korleis det skal vere. Å yte idrett på same nivå er ikkje same sak, flirer han frå Japan.

Saka held fram under bildet.

Samsonov vs. Ovtcharov

Vladimir Samsonov frå Kviterussland (t.h.) gratulerer tyske Dimitrij Ovtcharov med sigeren. Dei to er blant dei største europeiske stjernene i bordtennis.

Foto: Herwig Prammer / Ap

Nesten opprykk

Dei som faktisk er gode med racket i handa er òg til stades i Japan. Noreg sitt herrelag var ikkje langt frå å rykke opp til 1. divisjon, men tapte mot Slovenia.

– Laget vårt gjorde det veldig bra i Japan, litt i overkant med tanke på kor ungt laget er, seier generalsekretær Nordby.

Liu Shiwen

Liu Shiwen, i aksjon under VM i Japan, er verdas beste kvinnelege bordtennisspelar for tida.

Foto: TORU YAMANAKA / Afp

Han fortel om jamn stigning i talet på spelarar i Noreg, betra kvalitet på både gute- og jentesida og om utøvarar som matchar svenskane – der sporten er svært stor.

– Ting heng saman. Dommarstanden i Noreg er viktig for skoleringa og for utvikling av spelarane i kamp. No har vi godt utdanna dommarar og spelarane veit kor det er når dei kjem utom landegrensene, meiner Nordby.

Ein bordtennisdommar er derimot relativt stillesitjande. Det er lite direkte påverknad, slik som med for eksempel ein fotballdommar, men det kan skje, opplyser Reite.

Gentlemanssport, men ...

Dommaren omtalar bordtennis som ein gentlemanssport – i utgangspunktet.

– Her er mange utøvarar med veldig temperament, og dei kjem kjapt bort og seier veldig klart ifrå når noko er feil, fortel han.

Samstundes seier dei i frå når dommaren kanskje gjer ein feil som gagnar dei sjølve.

– Ja, og det er veldig fint. Dersom ballen er borti trøya, som den ikkje skal vere, eller om det er ein kantball som ingen ser, så seier dei ifrå. Sånn sett er spelarane litt til hjelp for oss dommarar.

Karl Børre Reite er lite i fokus under kampar. Mellom kampane er han heller ikkje så mykje i fokus, men det fløymer over av TV-kamera rundt han.

– Det er veldig mykje både folk og media her. Den nasjonale kringkastinga i Japan, Tokyo-TV og heil rekkje nasjonale kringkastarar er her. Og ein merkar det i bybildet òg, faktisk, sjølv i ein så stor by som Tokyo.

Zhang Jike

Zhang Jike frå Kina signerer autografar etter ein kamp. Bordtennis er gigantisk i Asia, og under VM i Japan er Zhang blant attraksjonane.

Foto: Toru Hanai / Reuters

– Holmenkollen-stemning

Det blir prata bordtennis i byen, medan det utanfor Yoyogi Arena er flust med buer.

– Det er folkefest, litt Holmenkollen-stemning kan ein seie, fortel Reite.

I tillegg til å dømme under kampane må dommaren sjekke bord, nett og racketar før kamp. Under kamp har han ingen hjelpemiddel.

– Nei, alt er live. Det er rett på og vi må ta avgjersler i løpet av ein brøkdel av eit sekund. Avgjersla står om det ikkje skulle vere noko heilt spesielt.

I løpet av meisterskapen har evalueringane vore gode, og Reite fortel at det einaste som står igjen er eit engelsk intervju.

– Eg må vere i stand til å kommunisere på engelsk, seier han.

– Det skal vel gå greitt?

– Ja, det går nok heilt greitt. Eg er ikkje den som er dårlegaste i engelsk her, for å seie det sånn. Her er dommarar med engelsk som både tredje- og fjerdespråk, flirer Karl Børre.

Saka held fram under bildet.

Gerell og Reite

Den svenske bordtennisstjerna Pär Gerell hiv seg etter ein ball. Dommar Karl Børre Reite til høgre.

Foto: Ittf

Ein må oppleve det

For i ein sport der ein skal prate engelsk med utøvarar frå Kina, Tyskland, Hellas og Kviterussland på same tid, må ting sete. Arrangementet må gli, detaljane må vere på plass.

Ma Long

Dette er verdas beste bordtennisspelar for tida, Ma Long. Karl Børre Reite har ikkje dømt han enno, men det kan skje i framtida.

Foto: TOSHIFUMI KITAMURA / Afp

– Det er svært få i Noreg som forstår kor stort eit slikt arrangement er. Alle bordtennisfolk forstår det, nokre journalistar veit, men ein må nesten oppleve det på kroppen, meiner generalsekretær Nordby.

For det er gigasport, og to norske dommarar står midt oppi det.

– Dei er handplukka. Vi fekk melding før VM i Japan om at dei to var ønskte. Før kunne ein nesten melde på dommarane, no går dei nøye gjennom og ser på prestasjonar. Det er ei heilt anna gradering og selektering, fortel Nordby til NRK.

Karl Børre Reite er stolt over å bli teken ut. Han fortel at han vil halde fram som dommar ei god stund til.

– Eg vil dømme meir internasjonalt, men det blir òg fokus på å utvikle dommarstanden i Noreg. Vi er framleis eit u-land på dommarsida. Der er nokre som alltid stiller, men både på kvalitet og organisering må vi gjere ein jobb for å hjelpe bordtennisen vidare oppover, meiner Reite, leiar i dommarkomiteen.

Han skal truleg vidare til Swedish Open etter kvart, men han må også heim til vanleg jobb og familie.

For sjølv om Karl Børre Reite synest det er utruleg stas, både å få dømme verdsstjerner i ein interessant idrett og å få sjå store delar av verda, blir det truleg ikkje dommargjerning på heiltid.

– For 100 kroner dagen? Nei, eg trur ikkje det, avsluttar sunnmøringen flirande.