Hopp til innhold

Plussreiser får ut stadig fleire

Reisearrangøren Plussreiser i Ålesund fekk søndag kveld ut 21 av sine reisande frå Israel. I morgontimane set 42 personar seg på fly ut av landet. Framleis har selskapet 50 av sine reisande i Israel, men også desse er det planar for, seier dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne. Ho fortel at dei som er der no ikkje merkar noko til krigshandlingane, men at Plussreiser rettar seg etter reiseråda til styresmaktene.

Aud Kindervåg Halsne
Foto: Plussreiser