NRK Meny
Normal

Plukkar ville urter til nyfikne ålesundsganer

Skogblomster og ville urter får ikkje lenger stå i fred. No hamnar både blåfiol, skogstjerne og gjøksyre på ålesundske restaurantbord.

Åse Stensvaag plukkar gjøksyre

Åse Stensvaag er ute og plukkar gjøksyre og andre urter kvar veke.

Foto: privat

Du trudde kanskje at vakre, små skogblomstrane berre høyrde heime i ein våt og mjuk mosebotn. Stadig fleire kokkar og matfolk har dei siste åra fått augene opp for å prøve dei som pynt og i matlaginga.

– Skogstjerna var veldig god til fisken, han skilte seg ut i smaken, og eg knaska han i meg, seier Lene Aakre Nilsen (27) frå Ellingøy i Ålesund fornøgd, i det ho smakar den grilla tunfisken som er overstrødd med dei små kvite blomstrane.

Fiolar og skogstjerne på matbordet

Annette Aarseth t.v., Cathrin Ekornåsvåg og Lene Aakre Nilsen

Annette Aarseth t.v., Cathrin Ekoråsvåg og Lene Aakre Nilsen syns det er artig og fint med skogblomster og ville urter på menyen.

Foto: Synnøve Hole

Tidlegare denne veka serverte espressobaren Invit i Ålesund tapas, slik dei gjer kvar torsdag. På matbordet var fleire rettar med ville skogblomster og urter: jordbærkake pynta med blå, små skogfiol, svinenakke med gjøksyre og tunfisk med eit dryss av skogstjerner.

Eg er positivt overraska over at dei faktisk tek seg tid til å gå ut og finne urter og lagar til med så fine fargar, det gjer jo at ein får lyst å ete maten, seier Annette Aarseth (28).

Vil lage mat som speglar årstidene

Tunfisk med skogstjerne

Kvite, små skogstjerner er pynt på tunfisken.

Foto: Synnøve Hole

Åse Stensvaag (43) og Andre Klevberg (49) starta arkitektkontor og espressobar i Brosundet i Ålesund for 17 år sidan. Ideen er at maten dei serverer skal spegle årstidene og naturen i området. Slik blei det også naturleg å hente urter og blomster ute i nærområdet, slik Michelin-restaurantar som Noma i København og Maaemo har gjort lenge og i langt større skala.

Vi gjer det for å glede andre og oss sjølv. Det er fint å gjere noko ut av det som finst nært husveggen, seier Stensvaag.

Leitar i skogen etter småblomster

Den siste tida har dei to brukt meir tid på å plukke ville vekstar i nærområdet. Ein kveld i veka serverer dei tapas, og kvelden før er dei ute og leitar i skogen.

– For å vere heilt ærleg skal du ha ein god smakssans for å smake noko som helst av ein del av dette, men det er visuelt, det blir utruleg vakkert, seier Andre Klevberg.

– Og så er det ein fantastisk rekreasjon og inspirasjon for vår del som småbarnsforeldre, seier han.

Minne frå barndommen

Venninnegjengen frå Ellingsøya i Ålesund skjønar at det har tatt tid å hente inn blomstrane og urtene. Og dei syns det er ei rett prioritering. Dei likar også at det gir assosiasjonar til barndommen, då dei gjekk rundt og plukka gjøksyre og smakte.

Eg syns det er kjempespennande å frisere maten slik dei har gjort. Eg likar også å smake nye ting, det gir ein ekstra touch på maten, seier Aakre Nilsen.

Er det ikkje berre jåleri?

Nei, eg syns ikkje det. Mat skal vere godt, ein et jo med augene også, og det har litt å seie for opplevinga, seier Annette Aarseth.

Åse Stensvaag plukkar urter

Åse Stensvaag finn gjerne både skogfiol, skogstjerne og gjøksyre når ho leitar etter det.

Foto: privat