Det kan vere fort gjort å kaste frå seg eitt og anna når ein er på tur i fjøra. Eller sleppe frå seg emballasjen etter båtturen. Enkelte ting kjem sikkert frå do. Noko må fiskebåtar truleg ta skulda for.
Men no er ein del av plastsøppelet tatt opp frå havet og har hamna på veggen hos Runde miljøsenter. Alt er samla frå stranda Drage ved Stadt.
Kommunikasjonsrådgjevar Charlotte Hauge ved Runde miljøsenter er overraska over alt søppelet kunstnaren fann på stranda Drage ved Stadt.
Foto: Arne Flatin– Det er heilt utruleg for ei mengde med plast dei har funne på stranda. Dette er jo berre ei av mange strender, seier kommunikasjonsrådgjevar Charlotte Hauge ved Runde miljøsenter.
Håper å fengje også ungane
Det er Gry Hansen som har designa plastutstillinga, som etter planen skal på vandring fleire stader i landet.
Foto: privatDet er kunstnaren Gry Hansen som har designa utstillinga i samarbeid med dei tilsette på miljøsenteret. Denne veka opna den unike vandreutstillinga. Håpet er at mange skal få augene opp for konsekvensane av å forsøple hava.
– Det er heilt utruleg kva ho har funne, her er ein liten soldatmann, ein halv pistol og litt ymse som ho har laga for at det skal fengje også ungane, seier Hauge.
Les også:
Meir plast enn fisk i havet
Dagleg leiar Nils-Roar Hareide ved Runde miljøsenter seier plasten i havet kan bli eit kjempeproblem også for menneska.
Foto: Arne FlatinI 2050 vil det vere meir plastsøppel enn fisk i verdshava, dersom ein ikkje straks gjer noko. Det viser ein ny rapport frå Word Economic Forum.
Kvart einaste år blir det kasta over åtte millionar tonn plast i hava verda over, 36 000 tonn hamnar i havet i norske farvatn. Det vekkjer uro blant fagfolka.
– Når plasten blir oppmalt i fjøra, til dømes, vil han kunne bli eten av plankton. Dersom vi stiller oss slik at vi ikkje kan ete maten frå havet, har vi eit kjempeproblem, seier dagleg leiar Nils-Roar Hareide ved miljøsenteret.
Håpet er at utstillinga skal få folk til å vakne.
Foto: Arne Flatin