Hopp til innhold

Plastforsøpling hopar seg opp på havbotnen

Store mengder plast er avdekt på havbotnen utanfor Noreg, og verst er det på kysten utanfor Ålesund.

Fugl med plast i nebbet

Fuglar og pattedyr døyr når dei set seg fast i søppelet.

Foto: Norsk Polarinstitutt

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er Havforskingsinstituttet som er på tokt, og som har avdekt plastforureininga. Så langt har dei ikkje kome lenger enn til Ålesund, så meir kan bli avdekt når toktet held fram sørover.

– Det er uansett ikkje kjekt å registrere situasjonen vest for Ålesund, seier Bjørn Einar Grøsvik, som er Havforskingsinstituttet sin ekspert på plastforsøpling i havet.

Bjørn Einar Grøsvik

– Det som virkar best er å slutte å dumpe plasten, seier Bjørn Einar Grøsvik.

Foto: Kjartan Mæstad / Havforskningsinstituttet

Usikre på konsekvensen

Men som ekspert er han likevel usikker på kva konsekvensen er, bortsett frå at dei veit det tar lang tid før det blir brote ned.

– Men kor lang tid nedbrytinga tar er meir usikkert, men kanskje fleire hundre år. Det er og usikkert kor lenge det blir liggande, og også er det uvisst når og på kva måte det kjem inn i næringskjeda.

Noko av dette kan forskingsinstituttet truleg få svar på gjennom det som er hovudmålet med toktet, som er å ta prøver at botnfisk i heile Nordsjøen.

Men forskarane veit at fuglar og sjøpattedyr døyr når dei set seg fast i søppelet eller får i seg plasten.

Vor.no skriv at enkelte stader er det registrert så mykje som 10 tonn søppel per kvadratmeter. I tillegg kjem det som flyt rundt med havstraumane.

Forskningsfartøyet Johan Hjort

Det er havforskingsfartøyet «Johan Hjort» som er på tokt.

Foto: Kjartan Mæstad / Havforskningsinstituttet

Mest frå fiskeri, noko frå land

– Noko samansett er det nok, men det meste er fiskeri- og skipsrelatert, seier forskaren på spørsmål om kvar plasten kjem frå.

Men noko kjem og frå land, og plasten kan blir altså det som blir transportert med havstraumar over store område.

– Plasten kan bli fjerna frå sjøbotnen, men det aller viktigaste er å hindre at det kjem ny tilførstel av søppel. Viss ikkje bygg det seg opp over tid, seier Grøsvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL