Planlegg framleis samanslåing

Sjukehusdirektør Nils Kvernmo seier flyttinga av fødeavdelinga i Kristiansund til Molde sjukehus ikkje er stoppa, men utsett. Samanslåing av fødeavdelingar ligg framleis inne som ein del av sparetiltaka. Styret i Helse Møre og Romsdal vil å slå saman fødeavdelingane i god tid før det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal står innflyttingsklart i 2024. Særleg på Nordmøre har dette ført til protestar.

Fødeavdeling Kristiansund
Foto: Eirik Haukenes / NRK