Hopp til innhold

Pizza og lefser skal kome tryggare fram med ny veg

I dag jubla dei tilsette på Orkla Foods over nyhenda om ny veg gjennom Romsdalen. Dei opplever ofte forseinkingar vinterstid på grunn av stengde vegar.

Einar Arve Nordang

Einar Arve Nordang i Orkla Foods feira at vegen gjennom Romsdalen skal bli utbetra med pizza.

Foto: privat

Politikarane har bestemt at dei blant anna vil bygge krabbefelt over Ørskogfjellet og ruste opp Romsdalen for å betre eksportvegen til Austlandet. E136 gjennom Romsdalen er hovudfartsåra inn og ut av Møre og Romsdal. Vegen er sterkt trafikkert med mange store køyretøy og ikkje få av desse lastebilane er lasta med Grandiosa og lefser frå Orkla Foods. Logistikksjef, Einar Arve Nordang, jubla då han høyrde at vegen skal bli utbetra.

– Det var ei svært gledeleg nyhende å få. Eg visste at det kom til å skje, men ikkje at det skulle kome så fort, seier Nordang.

LES OGSÅ:

Vogntog på tvers

Opp mot 70 prosent av varene dei sender ut går via Romsdalen og i snitt køyrer 7,5 vogntog frå fabrikken på Stranda kvar dag. At det kjem betre veg gjennom Romsdalen betyr at kundane til Orkla Foods er sikrare på å få varene sine. Ofte er vegen stengt på vinterstid fordi vogntog har køyrt seg fast.

– Det betyr også at vi har sikrare transport inn til oss. Mykje av råvarene kjem den vegen, seier Nordang. Han understrekar at ny veg gjennom Romsdalen ikkje berre er viktig for næringslivet, men også for alle turistane.

E136 gjennom Romsdalen

Trafikken på E136 gjennom Romsdalen har auka sterkt dei siste åra. Vegen er smal og kronglete.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Reine julekvelden

Også Lastebileigarforbundet jublar over at hovedfartsåra vert utbetra.

– Dette er reine julekvelden! Dette er over all forventning. Det er dette vi har bedd om å få og no ser det ut til at vi får det, seier Svein Kroken i Norsk Lastebileier-forbund.

Det er ikkje bestemt kor tid arbeidet skal starte, men Harald T. Nesvik (Frp) sa på ein pressekonferanse onsdag morgon at dei ulike prosjekta som vart presenterte skal bli realiserte så fort som mogleg.