Pingvintjuveriet: Har sikra spor frå mobiltelefonar

Bilete frå dei fire sikta sine mobiltelefonar blir viktige i politiet si etterforsking av pingvintjuveria i Ålesund. Dei tre pingvinungane som forsvann natt til torsdag er framleis ikkje komne til rette. Fire russ er sikta i saka.

Overvakingsbilete Atlanerhavsparken

Overvakingsbilete viser russ som tar seg inn på området der pingvinane hekkar.

Foto: Frå Atlanaterhavsparken sitt kamera

Fredag blei fire ungdommar sikta for å tatt seg inn på området og stole pingvinane.

– Alle dei fire har vedgått at dei var innanfor gjerdet og at dei har gått ned til området der pingvinane held til, seier politiinspektør Yngve Skovly.

Han seier dei fire framleis nektar for at dei har tatt kyllingane.

Går gjennom mobilbilete

Atlanterhavsparken i Ålesund

Området der pingvinane held til, ligg like ved sjøen.

Foto: Frode Berg / NRK

Politiet jobbar dei no med å gjennomgå innhaldet i dei beslaglagde telefonane til dei fire.

I tillegg jobbar dei framleis med overvakingsvideoen, som politiet offentleggjorde fredag ettermiddag.

På videoen kan det sjå ut som om nokre av dei ber på noko, men politiet presiserer at kvaliteten på opptaket er for dårleg til å seie det heilt sikkert.

– Har god dialog med russepresidentane

Det kjem framleis tips til politiet, mellom anna har dei fått inn namn på fleire personar dei no ønskjer å avhøyre.

– Men vi ønskjer framleis tips frå alle som kan ha gjort observasjonar torsdag eller som på annan måte kan hjelpe oss, seier Skovly.

Politiet understrekar vidare at dei har god dialog med russepresidentane i Ålesund. Mellom anna har det vore eit møte mellom dei og politiet fredag ettermiddag.