Hopp til innhold

Pingvinsex utan resultat

Blomstrande kjærleiksliv har så langt ikkje ført til resultat for pingvinane i Atlanterhavsparken.

Ingen egg i pingvinreir

TOME REIR: Pingvinreira i Atlanterhavsparken har ingen egg så langt i år.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Akvariet i Ålesund ventar enno på avkom frå dei 17 pingvinane. Etter hektisk parringsleik og reirbygging i vår, var det stor optimisme. Men framleis er det ikkje blitt egg i husa.

Det er like spennande kvar dag, men etter fleire månader er det same beskjed når pingvinhuset blir sjekka etter natta.

Sigbjørn Anton Lerstad

OPTIMIST: Akvarist Sigbjørn Anton Lerstad håper framleis på pingvinegg i år.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Ingen egg, dessverre, seier Sigbjørn Anton Lerstad, som er akvarist i Atlanterhavsparken.

Håper på egg

Sidan tidleg i vår har dei heldt på. Optimismen var stor på Atlanterhavsparken i Ålesund då dei 17 pingvinane byrja gløtte på kvarandre og sikte seg ut ein make. Men hittil er det ikke blitt egg og unger av det:

- Nei, ingen av dei har lagt egg endå. Og det håper me framleis på, for dei held på og parar seg både tidt og ofte, seier Lerstad.

Men trass i at pingvinane har heldt det gåande i fleire månader, har ikkje kjærleikslysta avtatt. Likevel trur Lerstad at dei er i stand til å formeire seg.

- Jau, det er dei, så før eller seinare vil dei nok legge egg. Men førebels er det vel berre trening, fortel akvaristen.

Framleis tid

Video nsps_upload_2009_7_15_14_53_53_779.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

INGEN EGG: Pingvinane i Atlanterhavsparken parar seg til inga nytte. Akvaristane finn ingen egg i reira.

Enno er det ikkje for seint på året, og pingvinar avlar gjerne i fangenskap, men kanskje blir det vel mykje overvaking og merksemd når ein skal leve ut kjærleiken.

- Du veit, dei bruker veldig lang tid på å finne det rette paret, men når dei då fyrst finn kvarandre, så held dei saman resten av livet, seier Lerstad.

Då pingvinane kom til Ålesund vart alt lagt til rette for dei, men likevel kjem det ikkje egg. Og akvaristane sjekkar reira kvar dag.

- Ja, det gjer me. Alle bura, og dei inni. Og tomt er her.

Men om det ikkje blir egg i år kan det vere at dei har fått nok trening, seier Lerstad.

- Då bør det bli til neste år, i alle fall.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL